Historia i Luster

I Luster er det gjort ei lang rekkje funn frå m.a. vikingtida. Desse beslaga er funne på Fet på Indre Hafslo og blir tekne vare på i Bergen på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

I Luster er det gjort ei lang rekkje funn frå m.a. vikingtida. Desse beslaga er funne på Fet på Indre Hafslo og blir tekne vare på i Bergen på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

I historia i Luster inngår dei mange adelsgardane, kunstnarsenteret i Kroken, tuberkulose-sjukehuset på Harastølen, og krigsgruva i Kinsedal. Og visste du at deler av Luster ein gong var eige «fylke»?

Den eldste historia i Luster

Les om jernaldergarden på Modvo og dei mange fornfunna i Luster.

Adelsgardane i Luster

I Luster ligg det fleire storgardar som i mellomalderen og seinare høyrde til adelsætter og embetsmenn.

Leirmostova frå Gaupne på Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Leirmostova frå Gaupne på Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ole Bull med stamtavle frå Luster

Den verdskjende fiolinisten og komponisten Ole Bornemann Bull (1810-1880) frå Bergen har sterke ætterøter på Hafslo, der mora stamma frå folk frå Munthe-slekta og Ørbech-slekta.

Hafslo heitte «Folk» og «Fylkesbygda»

I vikingtida og til langt ut i mellomalderen heitte Hafslo- bygda "Folk". Hafslo var delt i Indre Folk og Ytre Folk.

Jostedalen

For folk øvst i Jostedalen var det i eldre tid kortare til Nordfjord og Ottadalen enn til Sognefjorden.

Jostedalsbreen er ein nær granne som folk i Jostedalen og på Veitastrond har måtta lære seg å leve med, både på godt og vondt. Dette er Bergsetbreen i Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedalsbreen er ein nær granne som folk i Jostedalen og på Veitastrond har måtta lære seg å leve med, både på godt og vondt. Dette er Bergsetbreen i Jostedalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedalsbreen

Jostedalsbreen er den største fastlandsbreen i Europa, og dekkjer eit areal på 487 kvadratkilometer frå Strynefjellet i nord og til Fjærland i Sogn i sør.

Jostedalsbreen nasjonalpark

- sjå eigen artikkel i Jostedalsbreen.

Jotunheimen nasjonalpark

vart skipa i 1980 og ligg i kommunane Årdal og Luster i Sogn og Fjordane og Lom og Vang i Oppland fylke. Sjå under Årdal kommune: Jotunheimen nasjonalpark.

Utladalen landskapsvernområde

- sjå Årdal kommune: Utladalen landskapsvernområde.

Feigumfossen er verna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Feigumfossen er verna. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Naturreservat i Luster

Utanom Jotunheimen nasjonalpark, Utladalen landskapsvernområde og Jostedalsbréen nasjonalpark finst det fleire naturreservat i Luster.

Kampen om Kaldakari

På 1990-talet vart det hard strid då folk frå Veitastrond ville byggje ein restaurant på fjellet Kaldakari (1496 m.o.h.) og frakte turistane til og frå med helikopter.

Utvandringa frå Luster til Amerika

Luster vart ein av dei store utvandrarkommunane i Sogn frå 1845 til 1900.

Arbeid på Tang på Hafslo tidleg på 1900-talet. Foto: Per Tang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Arbeid på Tang på Hafslo tidleg på 1900-talet. Foto: Per Tang. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Landbrukshistoria i Luster

I Luster vart poteta tidleg ein del av kosten. I dag er frukt og bær viktige landbruksprodukt, men tobakksdyrking har og vore ein viktig leveveg for mange.

Kraftutbygginga i Luster

Luster er ein av dei store kraftkommunane i landet. Konsesjonsinntektene har gjort Luster til ein velståande kommune.

Fossagjelet i Jostedalen. Vassføringa i og rundt dalføret har gitt grunnlag for to store kraftutbyggingar. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fossagjelet i Jostedalen. Vassføringa i og rundt dalføret har gitt grunnlag for to store kraftutbyggingar. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Helsestellet i Luster

M.a. historia om Svartedauden og Jostedalsrypa og om Lyster Sanatorium på Harastølen høgt oppe i fjellsida over Luster.

Lag og organisasjonar i Luster

I Luster har m.a. haugianarane hatt eit sterkt fotfeste.

Veiding og rovdyrjakt i Luster

Bjørnen trivst godt i Luster, og særleg på 1700-talet var det mykje bjørn.

Laksefisket i Luster

Mørkridselvi og Fortunselvi har tradisjon som gode lakseelvar.

Dale i Luster. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dale i Luster. Foto: Arild Nybø, NRK.

Segner frå Luster

Segna om Jostedalsrypa er mellom dei mange segnene frå Luster.

Ulukker i Luster

Flaum og ras har gjort stor skade i Luster. Vinteren 1868 tok snøskred i alt 11 menneskeliv.

Kriminalsoger frå Luster

Ein lustring som tok livet av kona si var den siste som vart avretta i Sogn og Fjordane.

Lerum-museet

I 2003 restaurerte Lerum-konsernet den gamle saftfabrikken som Nils Lerum starta med på Sørheim. Det er no eit museum som syner tidleg handel og industri. Sjå N. H. Lerums Saftfabrikk A/S.

Naustloftet

I 2012 vart det vesle fruktpakkeriet på eit naustloft på Kroken opna som museum.

Andre omtalar:

I Luster kommune er det ei lang rekkje stølar. Dette er frå budeiene si stordomstid. Anders Kvam kjem med kløvlast på ein dølahest til stølen Hersete i Luster. Budeia som tek imot er Maria Kvam. Biletet er utlånt av Oddlaug Molland.