Lifjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK
Kvernsteinbygda
I berga i Hyllestad er det hogge titusenvis av kvernsteinar som i mellomaldaren vart eksporterte heilt til Island, Tyskland og dei baltiske landa.
Norsk Kvernsteinsenter
- sjå Kvernsteinbygda.
Hovudsetet for Losnaslekta i Hyllestad?
Losnaætta var ei av dei mektigaste og rikaste ættene i Noreg på 1300- og 1400-talet.
Skattefunnet på garden Gjerde
På 1860-talet fann ein smågut store mengder gamle sølvmyntar i ei steinur ved garden Gjerde ved Hyllestadfjorden. I alt vart det grave fram 54 heile myntar og restar av 36 andre myntar. Ein mynt var arabisk, medan dei andre var angelsaksiske og kunne tidfestast til 800-900-talet e. Kr. – d.v.s. vikingtida.
Dette måleriet av Amaldus Nielsen med tittelen Gammel vestlandsgård har truleg motiv frå Lifjorden. Fjellet minner iallfall sterkt om Lifjellet. © Blomqvist Kunsthandel.
Overklassen budde i Hyllestad
Futar og andre embetsfolk slo ofte under seg store jordeigedomar. Slik vart både fut og sorenskrivar buande på gardar i Hyllestad i korte periodar.
Fiskeri i Hyllestad
I toppåra kring andre verdskrig var det 15-20 notbruk i Hyllestad som dreiv sild- og brislingsfiske. I brislingsesongen var kring 100 mann frå kommunen opptekne med fiske.
På likstrå i nisselue
Det var gamal skikk i bygdene i Hyllestad at menn vart kledde i raud «nisselue» når dei døydde og låg på likstrå. Huva vart på folkemunne kalla «raudhuve». Husmann Ole Rasmusson Sørefjorden skal vere den siste som vart gravlagd i raud nisselue då han døydde i 1894.
Ivar Aasen
var i Hyllestad 1852 - sjå elles Ivar Aasen i Lærdal og Sogn.
Dialektgrense ved Sørefjorden?
Frå gamalt av er det hevda at dialektgrensa mellom sognemål og fjordamål gjekk etter Leirpollelva mellom gardane Leirpollen og Rønset ved Sørefjorden: Innanfor elva seier ein «baot» – utanfor elva «båt». Ein grunn til at denne dialektgrensa har halde seg heilt til våre dagar, kan vere at vegen mellom kyrkjesokna Øn og Hyllestad ikkje var ferdig før i 1960.
Offisersgarden i Leirvik
I 100 år var Leirvik tilhald for offiserar, og «Utstillingsplassen» vart ei tid nytta som eksersisplass.
Kraftforsyninga i Hyllestad
Det første kraftverket i Hyllestad vart bygd ved Salbu-elva i 1909.
Helsetenesta i Hyllestad
Dei første distriktslegane i Sogn og Fjordane vart tilsette i 1801 - ein for Fjordane og ein for Sogn!
Skyttararlaga samla mange gutar og menn tidleg på 1900-talet. Dette er medlemer i Hyllestad skyttarlag på 1920-talet. Foto: Bjarne Råsberg. © Fylkesarkivet.
Lag og organisasjonar i Hyllestad
Sidan 1862 har det vore omlag 185 lag og foreningar i Hyllestad kommune.
Utvandringa til Amerika frå Hyllestad
Frå 1874 til 1924 utvandra 700 personar frå Hyllestad til Amerika.
Rovdyrsoger i Hyllestad
Eit krossmerke hogge inn i fjellet er minne etter ei kvinne som vart drepen av bjørn ein gong på 1600-talet.
Kriminalsoger i Hyllestad
Å vere for aktiv i sengehalmen kunne føre til dødsstraff på 1600- og 1700-talet.
Ulukker i Hyllestad
Flyulukka der «Havørn» rende i Lifjellet er den verste i Hyllestad si historie.
I Hyllestad skjedde ei av dei første større flyulukkene i Noreg i 1936. Her blir ein av dei omkomne frå ulukka boren om bord i slepebåten ”Vulkanus”, som frakta dei til Bergen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.