Historia i Gloppen

Eidehovdingen med tankeringen som vi i dag finn att i eit monument i Sandane sentrum. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

Eidehovdingen med tankeringen som vi i dag finn att i eit monument i Sandane sentrum. Illustrasjon Bernt Kristiansen.

DEN ELDSTE HISTORIA I GLOPPEN:

Høvding- og futegarden Eide

Eide har frå førhistorisk tid vore ein av storgardane i Nordfjord.

Kvinnegrav på Holvikgarden

I 1889 grov arkeologar ut ei gamal kvinnegrav på garden Holvik på Sandane.

I Gloppen er det gjort mange funn frå vikingtida. Dette er ei bronsespenne som vart funnen på Arnestad på Sørstranda. Foto: Arild Nybø, NRK.

I Gloppen er det gjort mange funn frå vikingtida. Dette er ei bronsespenne som vart funnen på Arnestad på Sørstranda. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gravfeltet på Vereide

Få stader i landet ligg dei gamle gravhaugane tettare enn på nordsida av Gloppefjorden.

Kanilshogjen på Hauge

Eitt av dei mest synlege fornminna i Noreg er Kanilshogjen på Hauge.

Austrheimsteinen

På ein haug på Austrheim, med vidt utsyn over landskapet, står ein høg bautastein.

Fallosstein i Kandal

På garden Indre Kandal på sørsida av Breimsvatnet vart det i 1935 funne ein kvit stein som var forma som eit mannleg kjønnslem. Slike steinar vart kalla fallossteinar og skulle gje både rik grøde på garden og gjere folket der fruktbare.

Knud Baade: Fra Bærumsvandet i Nordfjord 1858 (truleg <br/>Breimsvatnet) © Blomqvist Kunsthandel.

Knud Baade: Fra Bærumsvandet i Nordfjord 1858 (truleg
Breimsvatnet) © Blomqvist Kunsthandel.

Segner frå Gloppen

Les m.a. om Jøtlemannen ved Eide.


Nye og gamle bygdesenter:

Separatistane på Nesjane

I dei einbølte grendene kring Hyefjorden og på Hestenesøyra oppsto det kring 1760 ei pietistisk, religiøs gruppe som skilde lag med kyrkja.

Landbruket i Gloppen

Gloppen kommune er i dag den klart største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane.

Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen

Frå uminnelege tider har det vore ein sterk båtbyggjartradisjon kring Gloppefjorden. Dei tre båttypane var jekter, skuter og robåtar i ulike storleikar.

Kraftstasjonen i Evebøfossen i Gloppeelva. Fossen vart utbygd alt i 1909. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftstasjonen i Evebøfossen i Gloppeelva. Fossen vart utbygd alt i 1909. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftsenteret Sandane

Sandane er "kraftsenteret" i Sogn og Fjordane fylke: Bygda er hovudsete for fylket sitt eige kraftselskap - Sogn og Fjordane Energi.

Gloppen i oljefeber

Første halvdel av 1970-talet vart det meste av kyst-Noreg råka av oljefeber. Dei enorme oljefunna utanfor Vestlandet skulle ha basar og produksjonsplattformer.

Helsestellet i Gloppen

Les mellom anna om den vidgjetne bygdedokteren "Gamle-Ryssdalen".

Austrheim Musikklag vart stifta i 1916 og er framleis i sving, på dette biletet frå 2007 på oppdrag i Selje. Foto: Kjell Thue.

Austrheim Musikklag vart stifta i 1916 og er framleis i sving, på dette biletet frå 2007 på oppdrag i Selje. Foto: Kjell Thue.

Lag og organisasjonar i Gloppen

Vereide Kvinneforening av Det Norske Misjonssamband, skipa i 1869, er det eldste laget i dette oversynet.

Rovdyrsoger i Gloppen

På slutten av 1850-talet gjorde bønder i Gjengedal i Hyen eit mislukka forsøk på tamrein-drift. Reindrifta gjorde at rovdyrbestanden i dette fjellområdet auka sterkt.

Ulukker i Gloppen

Omtalar er ordna etter årstal.

Kjellar-ura i Ommedal

Her har gardbrukarane i Ommedal gjennom alle tider hatt gratis kjøleskåp.

Frå Nordfjord Folkemuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå Nordfjord Folkemuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Folkemuseum

Nordfjord Folkemuseum vart skipa av Nordfjord Sogelag i 1920 med Ola Sande som drivande kraft.

Bot for langvarig bryllaup

I gamle dagar fann konge og fut dei underlegaste råder for å drive inn pengar. Ei av dei var å setje forbod mot å ture bryllaup i meir enn ein dag.

Laksefisket i Gloppen

Både i Gloppen og Hyen har laksefisket i elvar og i fjorden gjeve gode tilleggsinntekter til bygdefolket.

Ein del av Ålfotbréen landskapsvernområde. I høgre biletkant ser vi Lote og fjorden innover mot Hopland. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Ein del av Ålfotbréen landskapsvernområde. I høgre biletkant ser vi Lote og fjorden innover mot Hopland. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Naturvern i Gloppen

Delar av Jostedalsbreen nasjonalpark og Ålfotbréen og Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde ligg i Gloppen kommune.

Meteoritten på Vesle-Kari

I oktober 2001 vart det funne ein meteoritt på fjelltoppen Vesle-Kari.

Meteoritten som Jan Erik Mardal fann på Vesle-Kari. Foto: Tidsskriftet Astronomi.

Meteoritten som Jan Erik Mardal fann på Vesle-Kari. Foto: Tidsskriftet Astronomi.