Historia i Gaular

Per Sande dreiv med turistskyss, mellom anna på strekninga Sande-Førde. Ukjend fotograf, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Per Sande dreiv med turistskyss, mellom anna på strekninga Sande-Førde. Ukjend fotograf, eigar Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fornminne i Gaular

På garden Roska ved Viksdalsvatnet har det vore dyrka jord i 4000 år.

Ullsaks frå vikingtida funne på Følling i Gaular. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ullsaks frå vikingtida funne på Følling i Gaular. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gardar og handelssete:

Ålmenn kraftforsyning i Gaular

Det første kraftverket i Gaular vart bygd under Osfossen av bonde Halvor Lervik i 1912.

Slik skal folk i Gaular ha vore kledde til kvardags tidleg på 1800-talet, om vi skal byggje på dette koparstikket av J. Senn etter teikning av Joh. F. L. Dreier. Frå ”Norske Nationale Klædedragter”, utgjeve i København 1812-1815. ”Mand og Kone fra Bøgstads Sogn i Søndfjord i Bergenhuus Stift” er biletteksten. © Fylkesarkivet.

Striden om Gaularvassdraget

I 1993 vart det sju mil lange Gaularvassdraget varig verna. Kampen kring vern av Gaularvassdraget er ein av dei lengste og hardaste stridane om vassdragsvern i Noreg.

Helsestell i Gaular

I 1771 døydde 34 born i Gaular i ein koppeepidemi. Først i 1915 fekk kommunen sin eigen distriktslege.

Lag og organisasjonar i Gaular

Ei teljing på 1990-talet viste at det i alt har vore 411 foreningar i Gaular gjennom tidene. 167 av desse har vore kristelege lag.

Ulukker i Gaular

Drukning og skredulukker går att i oversynet over ulukker som har teke menneskeliv i Gaular.

Kriminalsoger i Gaular

Hetlesaka er kjend som ei av dei mest kjende justismordsakene i landet.

Laksen som næring:

Frå den tida bilistane måtte gjennom eit utal grinder når dei skulle køyre nokre mil. Håkon Råheim er på post som grindegut ved grinda på vegen over Rørvikfjellet. Råheim vart seinare sjåfør i Firda Billag. Eigar av foto: Håkon Råheim.

.

Rovdyrplaga i Gaular

Ulven var truleg utrydda i Gaular på 1860-talet, medan siste soga om bjørnejakt skriv seg frå Eldalsdalen i 1884, då eit stort lag jakta på ein bjørn som var jaga over frå Haukedalen.

Viksdalsmålinga som næringsveg

Kristen Kjelstad (1766-1844) frå Øvre Kjelstad som var opphavsmannen til dette særmerkte handverket. Difor har også den karakteristiske rosemålinga på gjenstandane like ofte vorte kalla «Kjelstadmåling» som «Viksdalsmåling».

Storefurua på Kjelstad. Foto: Henning Rivedal.

Storefurua på Kjelstad. Foto: Henning Rivedal.

Storefurua på Kjelstad

På garden Kjelstad, ved vatnet Hestadfjorden, veks truleg den største furua i Sogn og Fjordane. Ho er ikkje den høgste, men måler nesten 10,5 kubikkmeter i volum. Treet er truleg bortimot 400 år gamalt.

Sælestova på Folkemuseet

Mellom Vestlands-husa på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo står Sælestova frå Bygstad. Stova er truleg frå tida mellom 1630 og 1650, og er samansett av to rom med sval langs eine langveggen. Stova vart kjøpt og flytta til museet i 1921. – På Lunde står det også eit freda loft frå mellomalderen (før 1536).

Utvandringa til Amerika

I åra 1874-1924 utvandra vel 800 personar frå Gaular til Amerika. I tillegg hadde 58 personar reist tidlegare. Dei første registrerte utvandrarane frå Gaular var systrene Anna og Pernille Larsdotter Skagen som reiste i 1849. I same tidsbolken (1874-1924) flytta 1245 gaulværingar til Bergen.

Andre historier:

Den gamle skikken med likvake fekk ein brå slutt då "liket" vakna og ville vere med på festen.