Historia i Førde

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Det eldste Førde

Arkeologiske utgravingar har påvist busetjing inst i Førdefjorden for over 4500 år sidan.

Futen budde på Hafstad

På garden Bruland i Førde budde futen i Sunnfjord frå 1789 til futeembeta vart lagde ned i 1898. Mindre kjent er det at sunnfjordfuten også budde i Førde på 1500-talet, på garden Hafstad.


Over elva til stølsbeite

Jordbrukslandet i Førde-gryta var noko av det beste i fylket, men gardane måtte langt av stad for å finne gode stølsbeite. Såleis finn ein stølar for Skei-gardane på sørsida mot Langelandsvatnet. Vie-gardane måtte også sørom elva og til Digernesvatnet for stølen sin. Kusslia ved Movatnet hadde stølen sin på Kinna – også på sørsida av Jølstra, o.s.b. (Sjå elles «Fehandel og driftekarar» om gamle sambands- og driftevegar).

Embetsgardane på Skei

Desse gardane er først og fremst kjende som eit senter for kunst og kultur på 1700- og 1800-talet.

Futegarden Bruland

Futen i Fjordane, Nikolai Lambrechts, kjøpte i 1789 garden Bruland omlag fire kilometer aust for Førde sentrum og flytta futesetet frå Svanøy til Førde.

Utviklinga av tettstaden Førde

Elva Jølstra deler Førde sentrum i to. Denne delinga har prega utviklinga i Førde gjennom fleire hundre år. Les om det store elvebrotet i 1780 og om Vekstsenteret Førde.

Kulturinstitusjonar i Førde

Les om m.a. Sunnfjord Muséum, Førdehuset, Sogn og Fjordane Teater, Fylkeskulturkontoret og Fylkeskulturprisen.

Større offentlege institusjonar i Førde

I Førde finst det ei rekkje offentlege institusjonar, den eldste er sorenskrivaren i Sunnfjord (no Fjordane tingrett) som har vore i Førde sidan 1852.

Kraftforsyning i Førde

– om Gaularvassdraget, Jølstravassdraget, Halbrendsvassdraget og Førde kommunale kraftverk – seinare Sunnfjord Energi.

Laksefisket i Jølstra

Elva Jølstra er lakseførande til Brulandsfossen – ei strekning på kring åtte kilometer. Frå gamalt av har laksefisket vore ei viktig inntektskjelde for elveeigarane; først med laksekjær og kastenøter i dei vide hølane.

Laksevern i Førde

I 2006 vart Førdefjorden vest til ei line mellom Flokenes på sørsida og Horneneset på nordsida utpeika som såkalla nasjonal laksefjord der det er sett forbod mot nye oppdrettsanlegg.


Landskapsvern i Naustdal-Gjengedal

I 2009 skipa regjeringa Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Storparten av det 394 kvadratkilometer store området ligg i Naustdal og Gloppen, men også fjellområde i Jølster og Førde vert omfatta av dette vernet, og alle kommunane skal m.a. dele på eit næringsfond på 10 millionar kroner som erstatning for vernet.

Helsestell i Førde

– om sjukehusa, ammene frå Sunnfjord, spedalsksjuka og Sæla-dokteren - og i moderne tid Førde Sentralsjukehus og Helse Førde.

Kriminalsoger i Førde

Om Trodalsmordet i 1839 og drapet på ein sjukepleiestudent i 2004.

Rovdyrsoger i Førde

Les m.a. om då ein bjørn gjekk til åtak på ein gjetar i Angedalen.

Første hesteutstillinga i Førde

Den første hesteutstillinga på Vestlandet vart halden i Førde i 1864. Utstillinga vart halden på Toene, like ved kyrkja på Skei.


Ulukker i Førde

Oversyn over dei største ulukkene.

Lag og organisasjonar i Førde

Det første registrerte laget er Førde Skyttarlag, skipa i 1863.