Historia i Aurland

Jakt og fiske har vore viktige næringar i Aurland. Særleg har reinsjakta gitt mange livberging, og det finst vel knapt eit stølshus som ikkje er pryda med eitt eller fleire gevir. Dette finn vi på Østerbø i Aurlandsdalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den eldste historia og rike fornfunn viser at det har budd rike og mektige ætter både i Aurland og i Undredal i mellomalderen. Veiding og stølsdrift har gjennom tidene vore vel så viktige inntektskjelder for folket som mang ein brattlendt gard nede kring fjorden. Eit stort tal aurlendingar gjorde seg rike på driftehandel på 1700- og 1800-talet. Midt på 1800-talet kom dei første lakselordane, og profittlystne fossespekulantar sikra seg fallrettane til Aurlandsvassdraga for ein billeg penge.

Geita er eit husdyr som passar godt i den bratte og karrige naturen i Aurland. Framleis er det fleire geitebruk, m.a. i Undredal, der dei produserer den kjende Undredalsosten. Foto: Pascale Baudonnel.

Den eldste historia i Aurland

- om m.a. fornfunn og mektige ætter.

Veiding og jakt i Aurland

Få stader er reinsjakta om hausten så populær som i Aurland. Då dreg ”halve bygda” til fjells for å jakte rein frå Nordfjella-stammen. I artikkelen er og tamreindrift omtala.

Bjørnesoger i Aurland

Stupbratte fjordsider som kring Fjærlandsfjorden og fjordarmane i Aurland kommune kunne i eldre tider vere eit ynda tilhald for bjørnen.

Fehandel og driftekarar

Fehandel og driftekarar er ein mange hundre år gamal tradisjon i Flåm og Aurland.

Høgfjellsgardar i Aurland

I Aurlandsdalen og elles låg det store høgfjellsgardar i gamal tid.

Underdalsstova, bygd i 1736, står på Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen. Stova var i si tid lensmannsbustad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Underdalsstova, bygd i 1736, står på Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen. Stova var i si tid lensmannsbustad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Smør av sauemjølk

I ein kommune med mange brattlendte gardar var fjellbeita ofte meir verdfulle enn sjølve garden. Det var smøret og osten frå stølen som først og fremst skulle skaffe inntekter til garden.

Sukker

Tidleg på 1900-talet vart det både i Aurland og i andre bygder i Indre Sogn forsøkt med sukkerproduksjon.

Aurlandsvangen med ein rutebåt på veg til kai. Foto: Normann.

Aurlandsvangen med ein rutebåt på veg til kai. Foto: Normann.

Bygdesenteret Aurlandsvangen vert til

Vangen er tettstaden kring den gamle mellomalderkyrkja i Aurland. Her utvikla det seg frå 1850 eit tyngdepunkt i bygda, med handel, hotell, bank, dampskipskai og kommuneadminstrasjon.

Ein engelsk laksefiskar som er tydeleg nøgd med fangsten i Nærøydalselvi. © Aurland lokalhistoriske arkiv.

Ein engelsk laksefiskar som er tydeleg nøgd med fangsten i Nærøydalselvi. © Aurland lokalhistoriske arkiv.

Turismen starta med lakselordane

Sportsfiske etter laks og aure i elvane i Aurland, Flåm og Gudvangen lokka dei første turistane til å stoppe i desse bygdene.

Laksefreding i Aurland

Flåmselva og Nærøydalselva er mellom vassdraga som har fått eit nasjonalt vern.

Otternestunet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Otternestunet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Otternestunet

Ein av dei store turistattraksjonane i Aurland, er Otternestunet, som ligg oppi bakkane på austsida av bukta inn mot Flåm.

Amerika-feber i Aurland

Få kommunar i Sogn og Fjordane har hatt større utvandring til Amerika enn Aurland: Frå 1845 og dei fylgjande 30 åra førde utvandringa til at folketalet i kommunen minka med omlag ein fjerdepart.

Motiv frå Gudvangen, måla av Even Ulving. © Blomqvist Kunsthandel.

Motiv frå Gudvangen, måla av Even Ulving. © Blomqvist Kunsthandel.

Kunstnarane i Aurland og Gudvangen

Den ville og vakre naturen kring Nærøyfjorden, Gudvangen og Aurland har lokka til seg mange kjende norske og utanlandske kunstnarar.

Kraftutbygginga i Aurland

Nokre av dei første kraftstasjonane i Sogn og Fjordane vart bygde langs Flåmsvassdraget. Vasskrafta i Aurlandsdalen og tilgrensande vassdrag vart bygt ut på 1970-1980-talet.

Helsestell i Aurland

Jens L. Drægelid (1816-1900), frå Dyrdal var den mest kjende bygdedokteren på Vestlandet på 1800-talet. Han bygde eit sjukehus med ti senger i Dyrdal ved Nærøyfjorden.

Nærøyfjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nærøyfjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nærøyfjorden på verdsarvlista

Den trange og ville Nærøyfjorden inn mot Gudvangen kom i 2005 med på UNESCO si verdsarvliste over verneverdige landskap.

Nordheimsdalen naturreservat

Nordheimsdalen ligg på austsida av Aurlandsfjorden, eit stykka utanfor der fjorden deler seg i Nærøyfjorden og fjordarmen som går innover mot Aurland og Flåm.

Hallingskarvet nasjonalpark

Hallingskarvet nasjonalpark vart skipa i 2006 og dekkjer eit fjellområde på 450 kvadratkilometer i kommunane Aurland, Hol og Ulvik.

Tre budeier med geiteflokken på stølen Høgsete på 1920-talet.Ukjend fotograf. Eigar: Eliert Vikesland/Fylkesarkivet.

Tre budeier med geiteflokken på stølen Høgsete på 1920-talet.Ukjend fotograf. Eigar: Eliert Vikesland/Fylkesarkivet.

Lag og organisasjonar i Aurland

- sogelag, fråhaldslag, religiøse foreiningar m.m.

Segner i Aurland

Ei segn fortel at det ein gong i tida skal ha halde til ein ovstor sjøorm kring Bakka i Nærøyfjorden.

Ulukker i Aurland

Omtalar ordna etter årstal.

Kriminalsoger frå Aurland

Les om folk som vart straffa i gapestokk, og om ei meir moderne historie om to brør som vart rana medan strippersker underheldt dei.

Aurlandsfjorden sett frå utkikspunktet Stegastein. Eit cruiseskip er på veg ut fjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Aurlandsfjorden sett frå utkikspunktet Stegastein. Eit cruiseskip er på veg ut fjorden. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.