Historia i Årdal

Rallarmonumentet i Øvre Årdal symboliserer det store tideskiftet i Årdal, frå ei karrig jordbruksbygd via ei langvarig anleggstid til eit moderne industrisamfunn. Monumentet er samstundes ein hyllest til anleggsarbeidarane. Rallaren vart laga av Odd Hilt og sett opp i 1968. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den eldste historia i Årdal

Om fornfunn og Huldreduken frå 1400-talet.

Ingebjørg (t.v.) og Berit Vee viser fram Huldreduken som vart laga på 1400-talet og som blir teken vare på i ein lystett sylinder på Ve. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ingebjørg (t.v.) og Berit Vee viser fram Huldreduken som vart laga på 1400-talet og som blir teken vare på i ein lystett sylinder på Ve. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vikinggarden Ytre Moa

Eitt av dei største og mest komplette funn av eit gardsanlegg frå vikingtida (800-900 e. Kr.) som er gjort i Noreg, er gjort på terrassane på Ytre Moa i Øvre Årdal.

Ytre Moa sett frå vegen til Tyin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ytre Moa sett frå vegen til Tyin. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Koparverk

År 1700 kom to Årdalsbønder på reinsjakt over ei koparåre i det 1500 meter høge Grøndalsfjellet nord for Øvre Årdal. Dette skulle bli starten på ei stor bergverksdrift som varte i 62 år.

Årdalstangen ueigna som by

Etter skriveri i Oslo-avisa Morgenbladet og oppmoding frå Lærdal kommunestyre i 1839 om at Lærdalsøyra måtte få bystatus, sette Stortinget ned ein komité.

Skogsdrifta og Ofredalssaga

Dei ranke fureskogane i Ofredal på nordsida av Årdalsfjorden la grunnlaget for nokre av dei eldste sagbruka i Sogn og Fjordane.

Skogsdrifta gjorde at brukarane nefør sjøen i indre Ofredal på 1800-talet var dei rikaste i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skogsdrifta gjorde at brukarane nefør sjøen i indre Ofredal på 1800-talet var dei rikaste i Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vatningsveiter

Dei indre Sognebygdene er mellom dei mest nedbørsfattige i landet. Difor har jordbruket frå gamalt av vore avhengig av kunstig vatning.

Driftekarane frå Årdal

Nokre av dei mest kjende driftekarane frå Indre Sogn kom frå Årdal. Driftekarane reiste rundt og handla fe på etterjulsvinteren og våren.

Rovdyrsoger i Årdal

Dei store rovdyra, særleg bjørn, gjorde mykje skade på husdyr i Årdal heilt fram på 1900-talet.

Denne vesle husmannsplassen i Naddvik fortel litt om levekåra til årdøler flest før kraftutbygging og industrireising snudde opp ned på det meste. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Denne vesle husmannsplassen i Naddvik fortel litt om levekåra til årdøler flest før kraftutbygging og industrireising snudde opp ned på det meste. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Engelskmenn på reinsjakt

På slutten av 1800-talet tok velståande engelskmenn til å interessere seg for jakt i Noreg. Dei leigde jaktrettar m.a. i Aurland, Lærdal og Årdal.

Tamreindrifta i Årdal

Frå kring 1840 blomstra ei lovande attåtnæring opp i inste Sognebygdene: Tamreindrift.

Utvandringa frå Årdal til Amerika

I første halvdel av 1800-talet voks folketalet i Årdal enormt. Sikringsventilen for denne enorme folkeauken vart her som elles i landet, utvandring til Amerika.

Elektrolysehallane til Årdal Metallverk i Øvre Årdal er rundt 400 meter lange. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Elektrolysehallane til Årdal Metallverk i Øvre Årdal er rundt 400 meter lange. Foto frå arkivet til Hydro Aluminium.

Industribygginga i Årdal

Industrisamfunnet Årdal vart symbolet på det moderne Noreg etter krigen. Statsverksemda ÅSV, kommunen og fagforeiningane samarbeidde om å byggje industribyen.

Naturvern i Årdal

Vettisfossen var den første norske fossen som vart freda.

Årdølene har mykje mektig og verna natur tett innpå seg. På dette biletet frå gamlevegen opp Heirsnosi ser vi ein del av Utladalen med bustadområde og industriområde til venstre. Til høgre den verna delen av Utladalen. Over det heile kneisar Vest-Jotunheimen med Austanbottstindane til venstre, Ringstindane i midten og Skagastølstindane til høgre. Foto: Steinar Ørbeck Stølen.

Ålmenn kraftforsyning i Årdal

Tyinfaldene starta ein mindre kraftstasjon i 1918. Den sytte frå 1920 for straumforsyning til gardane i Øvre Årdal.

Årdal bu- og omsorgsenter i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal bu- og omsorgsenter i Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Helsestell i Årdal

Først i 1895 fekk Årdal distriktslegeteneste, og då berre annakvar veke. Og eigen distriktslege fekk kommunen ikkje før i 1960.

Kultur og organisasjonsliv i Årdal

Årdal har etter krigen hatt eit svært rikt kulturliv, og mange av laga er blitt til etter initiativ frå fagforeiningane.

Med den trafikken som har vore av verksbilar mellom Årdalstangen og Øvre Årdal må det seiast at talet på alvorlege ulukker har vore svært lågt. Dei gongene det vart for smalt enda det stort sett med berre materielle skadar, som her i Steiggjetunnelen i 1961. Foto: Verksposten. © Årdal Sogelag.

Naturskader og ulukker i Årdal

Skred har teke mange liv i Årdal, i tillegg har arbeidsulukker kravd fleire menneskeliv.

Segner frå Årdal

Les m.a. om valdrisen som lærde slåttar av dei underjordiske.

Kriminalsoger frå Årdal

Les om drapet på ein driftekar i Nundalen.

Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK