Hilde Bjørkum

Hilde Bjørkum fødd 1958, frå Naddvik. Folkemusikar og dagleg leiar av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

Utdanna lærar med spesialutdaning i folkemusikk. Organisasjonssekrætær i Landslaget for spelemenn 1983-1986. Samstundes arbeidde ho med oppbygging av folkemusikkarkivet for fylket, og vart arkivar på heiltid frå 1986. Frå 1989 dagleg leiar av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, med permisjon for å arbeide som fylkesmusikar 1992-1993. Hilde Bjørkum har tre førsteprisar i dans frå Landskappleiken saman med Vidar Underset, og har vunne ei rad førsteprisar i dans på Vestlandskappleiken og andre regionale tevlingar.

Tildelt «Folkemusikkprisen» til Landslaget for spelemenn, og fekk heiderprisen til Rådet for folkemusikk og folkedans i 2006. Ho har m.a. vore medlem av musikkrådet i fylket, dommar på landskappleikar og andre tevlingar, og jurymedlem for Spellemannsprisen.

Medlem og leiar i Rådet for folkedans 1984-1997. Medlem av Nordisk Musikkomite 1995-2000, sit i fagutvalet for musikk i Norsk Kulturråd og har vore medlem i arrangementsnemndene for fleire nasjonale folkemusikkstemne.

Søster til Ingrid Bjørkum.