Herman Brun - namngjevar til eit bygdesenter

Herman Brun.

Herman Brun.

I 1833 kom Herman Brun frå Bergen og tok over handelen og gjestgiveriet på Njøsasanden. Det var denne «Herman» som skulle gje det nye bygdesenteret namn etter seg sjølv - Hermansverk.

Brun dreiv også handel og gjestgiveri på Hanehaug vest i bygda - sjå: Hanehaug. Brun var ein tiltaksfør mann som også vart ordførar. Det skal ha vore i eit juleselskap hos kjøpmannen at andre lystige karar frå bygda fann på at dei skulle påskjøne den driftige Herman Brun ved å kalle opp det nye «bygdesenteret» kring butikken og kaia etter mannen som hadde skapt det meste der på Njøsasanden. - Alt dette meinte dei var «Hermans verk» - og slik vart bygdesenteret heitande Hermansverk.

I 1851 overlet Herman Brun eigedomane sine til sonen Hans Johannes Brun, men han flytta eit par år seinare til Aurland og starta forretning og gjestgiveri der. Difor tok faren i 1860 tilbake eigedomane på Hermansverk og Hanehaug og dreiv dei til han døydde i 1865. Då tok enkja Engel Brun over og dreiv til ho døydde i 1881.

I 1876 brann dei fleste bygningane til Brun ned, men etter brannen bygde enkjefru Brun m.a. ny tingstove og ei stor handelsbu på kaia. Denne var eit kjent innslag i bygdesenteret heilt til huset vart totalskadd ved ein ny storbrann i 1979 - sjå om Fjordkroa under: Kjøpmanns-greina i familien Knutsen.

Husa til Brun før brannen i 1876.

Husa til Brun før brannen i 1876.

Hermansverk i dag. Forretningsbygget til Herman Brun låg midt på biletet, om lag der Sparebanken Sogn og Fjordane held til i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hermansverk i dag. Forretningsbygget til Herman Brun låg midt på biletet, om lag der Sparebanken Sogn og Fjordane held til i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les meir om: Handel og gjestgiveri på Njøsasanden.