Henrik Mohn Dahl

© Fylkesarkivet.

© Fylkesarkivet.

Henrik Mohn Dahl (1844-1909) frå Bergen, oppvaksen frå 10-årsalderen i Innvik. Prest, folkehøgskulemann og politikar for Moderate Venstre/Høgre.

Sokneprest i Lærdal 1863-1869. Etter ei tid i Amerika kom han på oppmoding frå Jakob Liv Rosted Sverdrup til Sogndals folkehøgskule som lærar i 1874. Han bygde i 1875 skuleheimen Helgheim ved Loftesnessundet. I 1878 tok han over som styrar av skulen etter Sverdrup, og var styrar til 1896. Under Dahl vart Sogndal folkehøgskule ein av dei førande skulane i landet i nynorsk målbruk, og han dreia også undervisninga i meir frisinna retning enn det Sverdrup hadde gjort. På skulen er det teke vare på ei samling på over 2000 bøker etter Dahl.

Dahl var ordførar i Sogndal 1886-1895, og hadde ein framståande plass i fylkespolitikken.

Han var vararepresentant til Stortinget 1883-1888 og fast representant 1889-1891.