Henrik Christian Finne

Henrik Christian Finne (1762-1870), frå Voss. Offiser og vegingeniør som leia arbeidet med utbetring av Kongevegen gjennom Lærdal kring 1840.

Det var Finne som planla og leia arbeidet med dei store murane som vegen går på gjennom den stupbratte Vindhella. Vegen har ei stigning på 1:5. Vindhellavegen vart kring 1980 restaurert og sett i stand som eit av dei beste døme på norsk ingeniørkunst frå tida kring 1840.