Helsetenesta i Hyllestad

Hyllestad alders- og sjukeheim, også kalla Eikelund. Dei som bur her har eit flott utsyn over Åfjorden og mot Ramnefjellet, som er ein del av Lifjellplatået. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyllestad alders- og sjukeheim, også kalla Eikelund. Dei som bur her har eit flott utsyn over Åfjorden og mot Ramnefjellet, som er ein del av Lifjellplatået. Foto: Ottar Starheim, NRK.


Distriktslegane

Dei første distriktslegane i Sogn og Fjordane vart tilsette i 1801. Det starta med berre to legar; ein for Fjordane og ein for Sogn. Distriktslegen for Fjordane budde på Faleide i indre Nordfjord, og han hadde m.a. ansvaret for Askvoll prestegjeld som den gongen omfatta vestre delar av Hyllestad kommune. Utover 1800-talet vart legetenesta delt opp. I lang tid hadde Hyllestad felles distriktslege med Lavik, Brekke, Gulen og Solund. I 1893 vart dette distriktet delt, slik at Lavik, Brekke og Hyllestad fekk felles distriktslege med kontor i Lavik. Gulen og Solund fekk distriktslege med kontor i Eivindvik.


Sjukepleiar

I 1920 vart det skipa sjukepleieforeningar i kvart av dei tre kyrjesokna, og felles sjukepleiar vart tilsett i 1922. Den første i stillinga var Hansine Aasmul.

Alders- og sjukeheimen Eikelund

Hyllestad alders- og sjukeheim ligg ved Sørbøvågen og vart bygd i 1967. Institusjonen fekk namnet ”Eikelund”. Alt på 1920-talet samla dei tre helselaga i Hyllestad kommune inn pengar til ein gamleheim, og presten Thor Andreas Åberg gav i 1929 ut eit hefte om "Kyrkjorne i Hyllestad i gamal tid" som vart selt til inntekt for gamleheimen. Men det drygde ut før noko konkret vart gjort, for ein kunne ikkje verte samde om plasseringa. Etter mykje bygdestrid om lokaliseringa vart det tunga på vekstskåla at ”Post-Johanna” – Johanna Sørbø - som var post- og telefonstyrar i Sørbøvågen, gav gratis tomt like ved Øn kyrkje ved Sørbøvågen. Eikelund alders- og sjukeheim har vorte utvida fleire gonger på 1980- og 1990-talet, og husar i dag 33 pasientar i enkeltrom.

Hyllestad alders- og sjukeheim sett frå vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hyllestad alders- og sjukeheim sett frå vegen. Foto: Ottar Starheim, NRK.