Helsestellet i Sogndal

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Amtssjukehuset i Sogndalsfjøra

Det første «sjukehuset» i Sogn og Fjordane vart bygt i Sogndalsfjøra i 1819, og låg om lag der K-senteret seinare vart bygt på Fossetunet.

Dei første legane i Sogn

Den første offentlege legetenesta i Sogn vart organisert i 1802.

Den første jordmora

Tidleg på 1800-talet vart det sett i gang opplæring av jordmødre i Noreg. Før desse kom i arbeid, var det dei såkalla ”nærkonene” som måtte hjelpe til ved barnefødslar. Jordmoropplæringa gjekk for det meste føre seg i Oslo, og dei som tok den, fekk tilskot til utdanninga. Den første registrerte jordmora som ein kjenner til i Sogndal, var Sigrid Andersdotter Nes (1798-1887). Ho og ektemaken var registrerte som innerstar på garden Nes.

Helsesyster

Sogndal Sjukepleieforening vart skipa i 1903. Det første laget gjorde var å få tilsett Gjertrud Rygg (f. 1867) som den første helsesystera i kommunen.

Sogndalsfjærens vasslag

Det første vassverket vart bygt då 563 huseigarar i Sogndalsfjøra gjekk saman og skipa Sogndalsfjærens vasslag i 1907. Vassposten på Almenningen/Plassen vart kalla Fjørespringen.

Aldersheim og sjukestove i Sogndal

Den første aldersheimen i Sogndal vart opna på Stedje i 1921.

Christine Leigh's Reconvalecenthjem

- sjå artikkelen: Aldersheim og sjukestove i Sogndal.

Sogndal alders- og sjukeheim

- sjå artikkelen: Aldersheim og sjukestove i Sogndal.

Sogndal omsorgssenter

- sjå artikkelen: Aldersheim og sjukestove i Sogndal.

Sogndal Tuberkuloselag

vart skipa i 1930 av Sigrid Mossige og Lucris Offerdal. Laget hjelpte m.a. tuberkulosetruga born slik at dei fekk hente gratis mjølk på meieriet. Laget vart oppløyst i 1953.

Folkebad i Sogndal

Folkebadet i Sogndal kom i drift kring 1935, og heldt til i ungdomshuset Solhov.

Alagoria i Labbastovene

Også i ”Labbastovene ” i Sogndalsfjøra gjekk det i alternativ medisin. Her heldt Nils Notsete til på 1940-talet. Nils blanda ulike miksturar som han selde til folk. Råstoffet skaffa han frå plantar og oljar og andre kjemikaliar som han fekk frå apotek i Bergen. Nils Notsete hadde spesielt godt sal av eit stoff som vart kalla Alagoria og som skulle hjelpe mot verk i armar og skuldrar når det vart blanda med syre, engelsk olje og karbonsyre.

Sjukehusplanar i Sogndal i 1964

Begge dei kombinerte distrikts- og fylkeslegane Trædal og Blaauw kom i si tenestetid opp i harde stridar om lokalisering av nye sjukehus i fylket.

Strid om dei psykiatriske tenestene

På 1980-talet vart det konfliktar mellom grannekommunane Sogndal og Luster om lokalisering av dei psykiatriske behandlingstilboda i indre Sogn.