Helsestellet i Jølster

Vassenden omsorgssenter er den nyaste av dei to eldreinstitusjonane i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vassenden omsorgssenter er den nyaste av dei to eldreinstitusjonane i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Distriktslegane

Ordninga med distriktslegar vart gjennomført i Noreg i 1802. Då fekk Sogn og Fjordane tildelt to legar. Den eine skulle dekkje Fjordane og busette seg på Faleide, og den andre skulle dekkje Sogn og vart plassert i Sogndal. I 1836 vart fylket delt i fire distrikt slik at Sunnfjord fekk eigen distriktslege, og i 1857 vart det på nytt ei oppdeling til åtte distrikt. Eitt av desse var indre Sunnfjord der Naustdal, Gaular, Jølster og Førde måtte dele på distriktslegen som budde i Førde. I 1898 tok ei fylkesnemnd opp framlegg om i alt 29 distriktslegar. Dette vart redusert til 24 av fylkestinget, men framleis vart det ikkje rom for eigen distriktslege i Jølster. Kommunen måtte støtte seg på distriktslegen i Førde heilt fram på 1970-talet. Distriktstlegen hadde då faste kontordagar på Skei i tillegg til å ha ansvaret for helsestasjonar på Skei og Vassenden. Jølster fekk eigen distriktslege i 1975 då Leif Kapstad vart tilsett som den første, men kommunen har sidan i lange bolkar hatt vanskar med å fylle stillinga p.g.a. legemangel.

Tidlegare Jølster Gamleheim. Foto: Arild Nybø, NRK.

Tidlegare Jølster Gamleheim. Foto: Arild Nybø, NRK.

Jølster gamleheim

Johanna Årdalsbakke bygde Jølster gamleheim på Helgheim i 1926 og dreiv gamleheimen privat. Johanna Årdalsbakke fekk også ein avtale med Bergen kommune og hadde også ein del pensjonistar og krigsskadde derifrå buande hjå seg. Jølster kommune tok over drifta av gamleheimen på Helgheim i 1955. Bygningen var i bruk som gamleheim til kring 1982.

Omsorgssenter

Skei omsorgssenter vart bygt i 1982, og Vassenden omsorgssenter med m.a. ni sjukeheimsplassar vart bygt i 1987 etter initiativ frå ei privat stifting som bygdefolket i nedre Jølster gjekk saman om. Ein stor del av finansieringa vart ordna med eit såkalla ”folkelån”. Heimetenesta i kommunen er organisert med kontor på Skei og på Vassenden.

Skei omsorgssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skei omsorgssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Livsmeistringssenter på Skei

Då Forsvaret la ned stamkvarteret for HV10 på Skei, kjøpte stiftinga Bergen Diakonissehjem alle eigedomane for 9,3 millionar kroner for å nytte dei til eit senter for livsmeistring. Eigedomen omfattar forutan administrasjonsbygget, seks bustader og ei tomt på 25 dekar. Livsmeistringssenteret på Skei vart opna hausten 2007 og har plass til 20 personar. Bergen Diakonissehjem reknar med at senteret skal gje arbeid til inntil 20 årsverk. Frå før eig Bergens Diakonissehjem sjukehus på Haraldsplass i Bergen, Haraldsplass Diakonale Høgskole, eit sjelesorgsenter på Garnes og Garnes Ungdomssenter, og er medeigar i Solli sykehus.

Livsmeistringssenteret har overteke det tidlegare HV10-anlegget på Skei. Foto utlånt av Livsmeistringssenteret.

Livsmeistringssenteret har overteke det tidlegare HV10-anlegget på Skei. Foto utlånt av Livsmeistringssenteret.