Hekseprosess i Hornindal

I 1643 vart Eli Olsdotter Jutedal stemna for tinget på Lødøen, skulda for hekseri. Ho og mannen var støtt i krangel med grannane.

Eli vart stemnd for retten skulda hekseri fordi ho skulle ha mana vondt over ein mann som vart kalla Per i Øyane og heile huslyden hans. Eli vart frådømd garden som ho budde på, men berga nakken.

Verre gjekk det m.a. med fleire «hekse»-kvinner i Gloppen og Breim, som måtte bøte med livet - sjå: Heksene på Vora.