Hafslo kyrkje

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Hafslo kyrkje vart bygd i 1878. Arkitekt var J. Faye og byggmeister var Carl Askeland. Altartavle, nattverdsutstyr, preikestol, døypefont og kyrkjeklokker er frå byggjeåret.

I kyrkja fint eit krusifiks frå 1780, laga av Hans Hansson Hess, Hafslo. Ei minnetavle - epitafium - over presten Schrøder frå 1781 heng i kyrkja. Ved Bergen Museum er det frå eldre kyrkjer teke vare på ein fransk kongefigur frå 1100-1200-talet, ei kyrkjedør frå 1200-talet, eit fragment frå kyrkjeklokke frå 1300-talet, ein preikestol frå ca. 1600, ei altartavle frå 1676 og eit udatert votiskip (krigsskipsmodell opphengd i kyrkja).

Stavkyrkje på Hafslo

Då Hafslo kyrkje vart bygd i 1878, vart ei stavkyrkje frå kring 1200 riven. Denne stavkyrkja var bygd på eit kor i lafta tømmer ein gong mellom 1665 og 1722.


Runestein

I 1836 vart det funne ein runestein under dørstokken på den gamle kyrkja. Ein tyda teksten til:

  • «Her er Jorunn jorda».


Hafslo-teppet

Ein av dei mest interessante skattane i Bergen Museum er det vidgjetne, broderte veggteppet frå Hafslo. Teppet skriv seg frå 1500-1600-talet og måler 288 x 50 centimeter. Men teppet har truleg vore lengre. Les om dette under: Verdfull vevkunst frå Luster.