Gulen kyrkje

Gulen kyrkje i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gulen kyrkje i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gulen kyrkje i Eivindvik vart bygd i 1863. Arkitekt G. A. Bull. Byggmeister var Ole Syslak, Lindås. Altartavle av Christen Brun frå 1872.

Døypefont frå ca. år 1000 i stein. Segna seier at Olav den heilage fekk laga døypefonten i stein slik at ikkje sogningane kunne sparke dåpsfatet ut av hendene på prestane når folk skulle kristnast!

Gulen kyrkje innvendig. Foto: Asle Veien, NRK.

Gulen kyrkje innvendig. Foto: Asle Veien, NRK.

Inventar elles frå byggeåret eller seinare, med unntak av kyrkjeklokke frå 1711 og ei frå 1821.

Altartavle frå 1768 finst på Sogn Folkemuseum, saman med to lysestakar og dåpskanne frå 1600-talet. To-arma lysestake frå 1450-1530 er på Bergen Museum, og ein lysestake er på Norsk Folkemuseum.

Kongeparet gav lysekruner

To lysekruner har ei spesiell soge: I 1905 skreiv klokkar Johan Henrikson Opdal til det nye norske kongeparet – Haakon VII og dronning Maud – og spurde om dei kunne tenkje seg å gje eit par lysekruner til Eivindvik–kyrkja. Kongeparet tok utfordringa, og spanderte lysekruner på kyrkja i Eivindvik i 1912.

Teikning av Gulen kyrkje og Herresalen på1800-talet.

Teikning av Gulen kyrkje og Herresalen på1800-talet.

Stavkyrkje i Eivindvik

I Eivindvik var det først ei stavkyrkje, nemnt i 1327. Ei lafta tømmerkyrkje avløyste stavkyrkja på 1500-talet. I 1724 vart den gamle kyrkja i Eivindvik kjøpt av soknepresten, Nicolai Stabel, og stod til noverande kyrkje vart reist i 1863. Ein stor del av tømmeret i gamlekyrkja vart då nytta i eit stovehus på ein gard (171/1) på Kløvtveit i Austgulen. Andre materialar frå gamlekyrkja hamna i ei stove i Vilsvik.

Eivindvik med Gulen kyrkje og Herresalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Eivindvik med Gulen kyrkje og Herresalen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sjå elles: