Grodås Fabrikker A/S

Utsnitt av annonse for Grodås Fabrikker A/S på 1960-talet.

Utsnitt av annonse for Grodås Fabrikker A/S på 1960-talet.

Grodås Fabrikker A/S konfeksjonsfabrikk vart grunnlagd i 1962 av Lars E. Sunde frå Sunnmøre. Flytta 1967 inn i kommunalt industriutleigebygg.

Hadde på det meste 60 tilsette. Aukande billegimport slo ut mykje av te-ko-industrien i Noreg på 1970-talet og Gro Industri AS måtte innstille 1978. Kommunen og lokale folk freista ei tid å drive verksemda vidare under namnet Gro Fabrikker A/S, men la ned 1988.

Dette firmaet dreiv også ei tid avdelingar i Stryn, Innvik og på Hareid på Sunnmøre.