Gloppen tuberkuloseheim

Gloppen tuberkuloseheim.

Gloppen tuberkuloseheim.

Gloppen tuberkuloseheim, bygd 1916. Utanom Harastølen i Luster, var dette eit av dei største sanatoria i fylket i kampen mot den store folkepesten – tuberkulosen. Tilsvarande heimar vart bygde i Lærdal (no Lærdal sjukehus), Lavik (seinare Lavik sjukeheim) og Askvoll.

Sjå: Tuberkuloseheimane.

For Nordfjord stod stadvalet mellom Faleide i Stryn, og Mona ved Sandane. Valet fall på Mona, og fylket var byggherre. Første byggetrinn gav plass til 16 pasientar, og ved utviding i 1931 til 39 sjukesenger.

Då effektiv vaksinering nærmast utrydda tuberkulosen på 1950-talet, vart tuberkuloseheimen på Sandane lagt ned. Kommunen overtok bygningane 1975, og har sidan bygd den ut som Gloppen sjukeheim.

Gloppen sjukeheim. Den gamle tuberkuloseheimen er bygningen lengst unna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen sjukeheim. Den gamle tuberkuloseheimen er bygningen lengst unna. Foto: Ottar Starheim, NRK.