Gimmestad gamle kyrkje

Gimmestad gamle kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gimmestad gamle kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den gamle kyrkja på Gimmestad på sørsida av Gloppefjorden er bygd 1692. Ho og er ei av dei få raudmåla kyrkjene i fylket. Byggmeister er truleg Sjur Raknes frå Osterøy. Veggar, tak og kyrkjebenkar i kyrkja er rikt dekorerte. Kyrkjebenkane er framleis merkte med namn på huslydane som hadde sine faste plassar. På trinnet framfor benkane kunne husmannsfolket sitje. På kvar benkevange på mannsida til høgre er det sett på ei såkalla krekse. Det er eit tre med mange greiner som karane kunne hengje hattane sine på. Liknande krekser finn vi også på mannssida i den gamle kyrkja i Olden.

Altartavla er i Gimmestad gamle kyrkje er ei katekismetavle frå <br/>1600-talet. Foto: Asle Veien, NRK.

Altartavla er i Gimmestad gamle kyrkje er ei katekismetavle frå
1600-talet. Foto: Asle Veien, NRK.

Utsøkt snikkararbeid

Altartavla er ei katekismetavle frå 1600 (sjå også Vereide kyrkje). Preikestolen er frå ca. 1650, kalk og disk frå 1613 og messehakel frå 1662. Døypefonten er frå 1600-1620 og er eit utsløkt stykke snikkararbeid utført i renessansestil. Korskiljet, eit spileverk i tre, er frå tida mellom 1692 og 1723. Altarlysestakane er ei gåve frå kyrkjelyden i 1727. Ei av lysekrunene er frå 1500-talet, ei anna frå 1700-talet, og ein toarma lysestake i messing er frå 1632. Ei av kyrkjeklokkene er frå mellomalderen. I kyrkja finst også ein brurestol frå 1695.

Torsken under taket

Det mest iaugefallande når ein kjem inn i gamlekyrkja på Gimmestad er likevel ein utstoppa torsk frå før 1700-talet, som med bilete av profeten Jona under haka heng under kyrkjetaket.

Interiøret i gamle Gimmestad kyrkje, måla av kunstnaren Petter Eide.

Interiøret i gamle Gimmestad kyrkje, måla av kunstnaren Petter Eide.