Gestapo-sjefar på flukt

Ved freden i mai 1945 freista leiarane for det frykta Gestapo-reiret i Høyanger å stikke seg unna. På Skilbrei fatta folk på telefonstasjonen mistanke då to sivilkledde menn med tysk aksent banka på og ville ringe etter drosje.

Folk fekk meldt frå til Milorg-leiar Asbjørn Hornnes i Førde. Før han nådde fram med mannskap, hadde dei to stukke av, men vart fylgde etter av brørne Alv og Jostein Aase. Dei to tyskarane vart like etter arresterte ved Myrmel. Då hadde dei kasta frå seg pistolane. Den eine vart attkjend som nestleiar for Gestapo i Høyanger, Georg Eisswein.

Også Gestaposjefen sjølv, Helmut Klötzer, freista å rømme nordover, men vart arrestert. Dette skal også ha skjedd langs riksvegen gjennom Gaular, men kvar det skjedde veit ein ikkje sikkert.

Sjå også: