Gestapo-aksjonar i Høyanger

Svanhild Haaland døydde i tysk fangenskap.

Svanhild Haaland døydde i tysk fangenskap.

NS-ordførar Johan Arntzen og andre NS-folk spela ein aktiv rolle då den første arrestasjonen i Høyanger kom i januar 1942. Blikkenslagar Karl Hansen og sonen Magne vart arresterte. Dei hadde illegal radio under golvet i verkstaden, og veggane var fulle av ulovlege våpen. Våpena fann ikkje Gestapo, men far og son vart arresterte og sende til Tyskland, der Karl døydde i 1943.

Aksjonen mot Hålandsgardane i 1944 skulle koste den 20 år gamle kontordama Svanhild Haaland livet. Ho hadde vore litt for «kvass» i omgangen med nokre NS-kvinner i Høyanger, som hadde klaga til Gestapo-venene sine. Dessutan var det mistanke om ulovleg radiolytting på Hålandsgardane. Gestapo kom på rassia, og fann m.a. eindel smedeviser som Svanhild Haaland hadde skrive om fienden.

Ho vart arrestert, og via forhøyr i Bergen bar det til Grini og vidare til konsentrasjonleirar i Tyskland. Under samanbrotet til Det tredje riket vinteren og våren 1945 vart KZ-fangar flytta vestover under kaotiske forhold. Det var under denne transporten at Haaland døydde den 15. april 1945.


Les meir om: