Gert Falch Heiberg

Gert Falch Heiberg (1871-1944) frå Kaupanger. Godseigar og museums-grunnleggjar. Landbrukskandidat frå Norges Landbrukshøgskole (NLH) på Ås i 1892. Overtok storgarden Øvre Amla i 1895. Han arva også samlarinteressa kring gardsmuséet frå faren Hans Knagenhjelm Heiberg.

Heibergane kjem til Amla

I 1905 bygde Gert Falch Heiberg det første museumsbygget på garden. I 1909 grunnla Heiberg De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på garden sin i Øvre Amla og overlet samlinga til Historielaget for Sogn ved eit gåvebrev. Då hadde samlinga kring 3.000 gjenstandar, m.a. ei særs verdfull og rik samling av gamle gardsreiskapar og handverkty. Til muséet samla han også ei mengd gamle bygningar frå Sogn, og gamle båtar fekk plass i eit eige muséumsbygg i tunet.

Dei antikvariske bygningane stod på Heiberg-garden heilt til kring 1980, då muséet vart flytta til Kaupangerskogen. Gert F. Heiberg var ein nær ven av tannlege Anders Sandvig, som bygde opp De Sandvigske Samlinger på Maihaugen på Lillehammer. Ofte reiste dei to i lag på samlarferd i Sogn.

Heilt til han døydde, leia Gert Falch Heiberg muséet, som kring 1930 var kome opp i åtte gamle hus og 14.000 gjenstandar.

Byste av Gert Falch Heiberg på folkemuséet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Byste av Gert Falch Heiberg på folkemuséet. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fleire tillitsverv

Han var samstundes redaktør for historielaget sine årsskrift, og hadde på vegne av Norske Fortidsmindesmærkers Bevaring tilsynet med stavkyrkjer og andre freda bygningar i Sogn.

Han hadde elles tillitsverv i husflidsutvalet i fylket og i Vestlandske Småindustrilag. Heiberg var medlem i kommunestyret 1899-1916 og ordførar 1911-1913.

Ei byste av Gert Falch Heiberg er reist ved inngangen til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Far til Hans H. H. Heiberg.