Gerd Kjellaug Berge

Gerd Kjellaug Berge fødd 1943 i Sogndal, busett i Selje. Frå 1976 direktør ved Selje Hotell, og frå 1983 til 2014 eigar saman med mannen Harald Berge.

Ho har vore president i Norsk Hotell- og Restaurantforbund. Styremedlem i Næringslivets Handelsorganisasjon (NHO), og frå 2000 til 2004 visepresident i NHO.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Frå 2001 til 2005 medlem i styret for Helseregion Vest.

Dotter til Karl Lerum og syster til Kåre Lerum og Bjarne Lerum.