Vallestadfossen. Foto: Ottar Starheim, NRK
Gaularvassdraget strekkjer seg sju mil frå Dalsfjorden, gjennom Gaular kommune, og vidare gjennom Haukedalen i Førde kommune til Jostedalsbreen.
På slutten av 1920-talet vart det vurdert regulering av øvre Gaularvassdraget for å skaffe meir kraft til aluminiumsverket i Høyanger (starta 1916). Kraftstasjonen skulle liggje ved Vallestadfossen, og Haukedalsvatnet skulle regulerast 20 meter.
Etter mange år med hard strid, vart Gaularvassdraget varig verna mot utbygging i 1993. Ein sentral person i kampen om vern var Johan Rørvik frå Haukedalen. Likevel vart det i 2001 på nytt lansert planar om utbygging av mindre kraftverk i dei store fossane Vallestadfossen, Fossfossen og Osfossen.
Les også: