Gamle ferdslevegar til Førde

Frå Vassenden gjekk ferdslevegen mot Førde i eldre tid over til Grimeland i Angedalen. Dette biletet er frå 1905. Vi ser Nielsens Hotell, seinare Vassenden Hotell, heilt til høgre. Til venstre ligg rutebåten ”Skjold” ved bryggja. Foto: O. Svanøe. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den viktigaste ferdslevegen mellom Jølster og Førde gjekk frå gamalt av over fjellpasset Tynningen mellom Fluge i Jølster og Grimeland i Angedalen. (I eldre tid låg handelssenteret i Førde ved kyrkja, d.v.s. på nordsida av Jølstra).

Ferdsla over Tynningen gjorde at det på 1600-talet vart oppnemnt skysskaffar og skipa skjenkestove på Grimeland i Angedalen.

Ferdsle over Vie

Ein annan veg mellom Førde og Jølster gjekk over Vie til Mo, gjennom Vieskaret. Her vart folk rodde over Bergavatnet frå Farsund til Soleide av ein fast ferjemann som i 1772 fekk tildelt skjenkeløyve. For å kome frå Vie til Sjøahola, var det også fast ferjemann der elva Anga renn inn i Jølstra. Bru over Farsund ved Movatnet vart bygd omlag 1835-1840. Denne steinbrua vart nytta fram til 1938. I ein bisperapport frå 1823 vert det opplyst at det i eldre tider fanst ei bru ved Farsund.

Vassenden sett frå fjellet Halvgjerda. I eldre tid gjekk ferdslevegen mot Førde over Tynningen oppe til venstre i biletet. Den trondhjemske Postvei fylgde same traséen som dagens E39 som vi ser i nedre kant av biletet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ny trasé med postvegen

Det var først med Den trondhjemske Postvei i Jølster i 1785 at vegen over Tynningen vart avløyst av hovudveg langs noverande trasé ved Jølstra. Vegen Førde-Moskog-Vassenden vart utbetra til skikkeleg køyreveg i 1870. Postvegen gjekk i sør opp Halbrendslia mot Langelandsvatnet, Skilbrei, og enda ved skysstasjonen Sveen i Bygstad, der skysstasjonen stilte rorskarar på strekninga ut fjorden til Tross i Dale (sjå Gaular og Fjaler kommunar).

To naust eigde av jølstringar

I gamle dagar hadde jølstringane naust langs fjorden i Førde, m.a. i elva Jølstra på Hafstad, der Førde v.g. skule ligg i dag. Her var det i alt 15 naust, to av dei eigde av jølstringar.

Veg til Steinen

Straks etter at Fylkesbaatane var skipa i 1858 var jølstringane så interesserte i å kome ned til dampen og fjorden at Jølster kommune ytte tilskot til byggjing av vegen frå skysstasjonen på Hafstad (noverande Førde sentrum sør) til dampskipskaia på Steinen – ei strekning på ca. 2 kilometer. Denne vegen vart bygd 1867-1870.