Gamle ferdslevegar i Gaular

Sværefjorden med Sværeskaret i bakgrunnen. Her kom krøterdriftene ned til Sogn frå Sunnfjord. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sværefjorden med Sværeskaret i bakgrunnen. Her kom krøterdriftene ned til Sogn frå Sunnfjord. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ein av dei viktigaste driftevegane mellom Fjordane og Sogn gjekk gjennom Sværeskaret på Gaularfjellet. Krøterdriftene kom nordfrå gjennom Trodalen i Førde, over Holsen og Gulefjellet til Vika, og vart drivne opp Eldalen til Gaularfjellet. I Eldalen overnatta ofte driftekarane på Bell.

Hugleik Tungøen frå Olden omkom i Sværeskaret i 1706 - sjå Den vesle istida.

Vidare med båt

Gjennom Sværeskaret kom fedriftene til Sværefjorden, og vart frakta med båt anten til Vik, Flåm, Aurland eller Lærdal. Driftene kunne også gå mot Vadheim, der ei kai vart kalla «hestebryggja».

Mellom Osen i Dalsfjorden og Sværefjorden i Sogn var det gamal rideveg. Langs vegen var det sett av beite for hestane i Osen, Horsevik, Hestebeit og Sværen. I Horsevik ved Hestadfjorden var det offentleg skysstasjon fram til 1865.

Hestadfjorden med Horsevik på andre sida av vatnet. Der var det skysstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hestadfjorden med Horsevik på andre sida av vatnet. Der var det skysstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Allfarveg og kløvjevegar

Frå gamalt gjekk det fire ferdslevegar frå Gaular mot Høyanger: Den viktigaste var Sande-Vadheim. Her er vegen omtala som «allfarveg» i 1720, og i 1790-åra vert den rekna som «køyrande veg».

Elles gjekk det kløvjevegar frå Vadheim over Hovland til Hestad, og frå Viksdalen til Høyanger, der det var rigga til ei lita overnattingsbu på fjellet. Folk i Høyanger og Vadheim nytta i gamal tid Hestad-kyrkja (sjå Hestad kapell).