Fylket som skipsreiar og vegbyggjar

Gaularfjellsvegen sto ferdig 100 år etter at kravet om den vart fremja i fylkestinget. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gaularfjellsvegen sto ferdig 100 år etter at kravet om den vart fremja i fylkestinget. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I eit landskap som er oppdelt av fjordar og fjell, var det naturleg at fylkestinget frå første dag engasjerte seg sterkt i samferdsle og vegbygging.

Då det første fylkestinget kom saman på Tross ved Dalsfjorden i 1838, fanst det knapt køyrande vegar i heile fylket. Sjølv ikkje den viktigaste vegen av alle - Filefjell - hovedvegen aust-vest - var stort meir enn ein rideveg før den var utbetra i 1846. Det same var tilfellet med Den Trondhjemske Postvei som gjekk sør/nord gjennom Gulen - Fjaler - Førde - Jølster - Breim - Utvik og Hornindal. Noko betre var vegen Vadheim - Sande, ferdig i 1837, og ein nyare postveg som vart opna frå Naustdal i Eid til Sunnmørs-sida i 1826.

100 år frå krav til røyndom

Det første større vegkravet som vart fremja i fylkestinget, var krav om bygging av veg over Gaularfjellet! Det var ordførar Fredrik Christian Juell i Sogndal som fremja kravet i 1847 for å betre ferdsla over Gaularfjellet for dei som dreiv med krøterdrifter. Men det vart med kravet. Gaularfjellsvegen kom ikkje før i 1938 - altså 100 år seinare!

Lokalveg til kaia framfor sambandsvegar

Eit særtrekk ved både den administrative og politiske fylkesleiinga, var at dei i lang tid viste lita interesse for å bygge ut gode sambandsvegar ut av fylket - og heller ikkje sambandsvegar som knytte fogderi og større bygdelag innanfor fylket saman.

DS Hornelen ved kai i Flåm i 1928. Foto: Normann.

DS Hornelen ved kai i Flåm i 1928. Foto: Normann.

I staden finn ein eit anna hovudmønster: Heilt frå skipinga av det fylkeseigde ruteselskapet «Nordre Bergenhus Amts Baade» (Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) i 1858, satsa ein først og fremst på å bygge vegar frå innlandsbygder som Jølster, Gaular og Jostedal ned til dampskipskaia ved fjorden.

Båtrutene knytte fylket saman

Kong Olav V talar i 1958 på Hermansverk i samband med 100-årsjubiléet til

Kong Olav V talar i 1958 på Hermansverk i samband med 100-årsjubiléet til "riksveg nr. 1": Fylkesbaatane. © NRK/Norsk Film.

Dermed vart desse bygdene knytte til det som i langt meir enn 100 år var hovudrutenettet i Sogn og Fjordane: Fylkesbaat-rutene til og frå Bergen. Heilt fram på 1960-talet vart Fylkesbaatane sitt rutenett omtala som fylket sin «riksveg nummer ein».

Fylkesbaatane fekk også prioritet deretter - særskilt i sambandet mot Bergen - der viktige sambandsvegar ikkje vart brukande hovudvegar før ut på 1990-talet. Sjå: E 39 mellom Sogn og Bergen.

Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

I ein stor og gjennomarbeidd transportplan frå 1919 vart det i tillegg til Fylkesbaat-ruter og vegar frå dalbygdene ned til kaia, også satsa sterkt på jernbaner. Det var desse - og ikkje bilvegar - som på den tida skulle knyte fylket tettare saman, både innvortes og utad. Fylkestinget rauk opp i harde diskusjonar om lineval for ei vestlandsk stamjernbane nord/sør, og om kva slags sidespor som skulle byggast.

Vegen mellom Vadheim og Sandane var mellom vegane som fekk såkalla kompensasjonsmidlar. Dette biletet er teke i Gaular, mellom Sande og Årbergsdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen mellom Vadheim og Sandane var mellom vegane som fekk såkalla kompensasjonsmidlar. Dette biletet er teke i Gaular, mellom Sande og Årbergsdalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegar som kompensasjon

Men «jernbanefeberen» gav seg fort: Den fleksible bilen fekk overtaket, og i staden fekk fylket rikeleg midlar av staten til å byggje såkalla kompensasjonsvegar til distrikt som ikkje hadde vorte velsigna med jernbane. Dette sette fart i m.a. utbetring av vegar som Vadheim-Sandane, Eid-Måløy, Florø-Førde og Sogndal-Leikanger.

I nyare tid har fylkeskommunen m.a. vore ein sentral pådrivar for bygging av heilårsvegen over Strynefjellet, nye riksvegar til Måløy og Florø, tverrsambandet Skei-Fjærland- Sogndal-Lærdal, og vegutløysing til Svelgen, Bremanger/Kalvåg, Hyen, Fresvik og Årdal.

Fylkesbåten Atløy er teken vare på av av veteranskipsentusiastar. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Fylkesbåten Atløy er teken vare på av av veteranskipsentusiastar. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Fylket som «bedriftseigar»

Utanom dei lovpålagde oppgåvene som fylkeskommunen har hatt og har innan store samfunnsfelt som vegbygging, skule og helserøkt, så har Sogn og Fjordane fylke også engasjert seg som bedriftseigar. Dette gjeld i samferdsle og i energiforsyning ved skiping av Fylkesbaatane og SFE.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

Knapt noko vedtak har hatt så mykje å seie for utviklinga i Sogn og Fjordane som det fylkestinget gjorde den 28. november 1857 i ei tingstove i Førde: Då vedtok politikarane å skipe Bergenhus Amts Dampskibe. Dette var det første fylkeseigde ruteselskapet i landet, frå 1919 kalla Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Bergenhus Amts Dampskibe

- sjå Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Fjord1

I 2001 vart Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane slege saman med Møre og Romsdal Fylkesbaatar til konsernet Fjord1 – Nordvestlandske AS.

Fjord1 Nordvestlandske

- sjå Fjord1.

Fjord1 Fylkesbaatane

- sjå Fjord1.

Nye Fjord1

- sjå Fjord1.

Ein av mannskapet på snøggbåten Fjordprins klar med trossa når båten legg til kai i Rysjedalsvika. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av mannskapet på snøggbåten Fjordprins klar med trossa når båten legg til kai i Rysjedalsvika. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn og Fjordane Energi - SFE

Det var i 1968 at Sogn og Fjordane fylke skipa sitt eige kraftselskap: Sogn og Fjordane Kraftverk. Dette vart seinare omdøypt til Sogn og Fjordane Energi – forkorta til SFE.