Fylkesbaatane si historie i Høyanger

Det var eit yrande folkeliv når «Sognefjord» la til kai i Høyanger på 1950-talet. Biletet er frå juni 1954. Foto frå biletsamlinga til Firda Sjåførforening.

Det var eit yrande folkeliv når «Sognefjord» la til kai i Høyanger på 1950-talet. Biletet er frå juni 1954. Foto frå biletsamlinga til Firda Sjåførforening.


Då Fylkesbaatane starta dampskipsrutene på Sogn i 1858, kom Vadheim inn som stoppestad for dei første sognerutene. Frå Vadheim var det i 1837 bygd veg nordover til Sunnfjord. I 130 år vart Vadheim difor eitt av dei viktigaste knutepunkta mellom fylkesbaatrutene og landverts rutetrafikk. Dei første åra hadde Fylkesbaatane elles stopp på handelsstaden Værholmen vest for Lavik, på den gamle skysstasjonen Klævoll, ved "kapteinsgarden" i Måren , og på sørsida i Åkre og Ortnevik.

Vadheim vert knutepunkt

Då Fylkesbaatane starta dampskipsrutene på Sogn i 1858, vart Vadheim eitt av dei viktigaste knutepunkta. Sjur Hansen (Sjur i Veim) vart første ekspeditør.

Værholmen

Værholmen var ein gamal handelsstad og skysstasjon vest for Lavik. Værholmen kom difor med som stoppestad på dei første rutene som Fylkesbaatane sette inn på Sogn i 1858. Men staden låg einbølt til i høve til der folk budde, og vart teken ut av rutelista på slutten av 1870-talet. Handelen i Værholmen vart lagd ned i 1898.

Måren er ein av stadene som framleis er avhengig av båtsamband. Her legg Sylvarnes til kai. Foto: Alf Jørgen Tyssing, NRK.

Måren er ein av stadene som framleis er avhengig av båtsamband. Her legg Sylvarnes til kai. Foto: Alf Jørgen Tyssing, NRK.

Måren

I den veglause bygda Måren aust for Høyangsfjorden var det frå gamalt både skysskifte og offisersgard. Difor kom Måren med som stoppestad for Fylkesbaatane alt frå starten av sognerutene i 1858. Men Måren hadde lite trafikkgrunnlag, og vart etter kort tid reduserte til såkalla ”stjernestopp”, d.v.s. anløp på bestilling. Utover 1950-talet hadde Måren berre ”rutesamband” av mjølkeruta som gjekk til Høyanger fem gonger i veka. Då mjølkeruta vart lagd ned, fekk Måren ei tid eitt dagleg anløp av ferja Nordeide- Kongsnes og seinare av ferja Nordeide-Svartemyr. I dag har Måren berre såkalla ”stjernestopp” av den lokale rutebåten ”Sylvarnes” som trafikkerer einbølte bygder på begge sider av Sognefjorden mellom Vik og Nordeide. ”Sylvarnes” kan ta sju bilar.

Sylvarnes på veg til kai i Måren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sylvarnes på veg til kai i Måren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ortnevik

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1862. I Ortnevik var det handelsmann og postopnar Magnus Fasting som var den første dampskipsekpeditøren. Seinare overtok kjøpmann Hjalmar Hovland både butikken og kaia. Etter at ferjeleiet på Svartemyr vest for Fuglsetfjorden vart lagd ned i 1992, er det berre Ortnevik som har anløp på sørsida av rutebåten ”Sylvarnes”. ”Sylvarnes” kan ta opptil sju bilar. Denne båten har faste, daglege anløp av Nordeide og Ortnevik, og går dessutan opp under Måren når folk tingar skyss dit.

Ferjekaia i Ortnevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjekaia i Ortnevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.


Lavik vart nytt knutepunkt

Lavik er i dag kjend som det viktigaste trafikknutepunktet i Høyanger kommune fordi hovudsambandet på Vestlandet, Europaveg 39, kryssar fjorden med ferje mellom Lavik og Oppedal.

DS Jotunheim, som konkurrerte med Fylkesbaatane om gods og passasjerar på Sognefjorden. Foto: K. Knudsen, eigar: Knudsensamlingen, UBB.

DS Jotunheim, som konkurrerte med Fylkesbaatane om gods og passasjerar på Sognefjorden. Foto: K. Knudsen, eigar: Knudsensamlingen, UBB.

Kyrkjebø

fekk rutestopp i 1874. Her vart det i 1886 bygt ei konkurrerande kai som fram til hundreårsskiftet hadde ekspedisjonen av dampskipet "Jotunheim". Dette bergenseigde skipet gav Fylkesbaatane hard tevling på sognefjordrutene i nokre år på slutten av 1800-talet. Det arga Fylkesbaatane mykje at ”Jotunheim” berre tok føre seg av dei mest lønsame stoppestadane langs fjorden, spesielt der det var mykje turistar om sommaren, medan fylket sitt eige reiarlag var plikta til å ta alle ”tapsrutene” til småbygdene.

Kaia på Kyrkjebø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaia på Kyrkjebø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tredal

kom med på Fylkesbaatrutene tidleg på 1880-talet, men då berre med stopp kvar tredje veke. Johannes Pedersen er nemnt som første ekspeditør i bygda. I 1909 kravde folket i Ikjefjorden at Fylkesbaatane sløyfa eitt av rutestoppa i Tredal og i staden segla inn i fjordbotnen til kaiene antan på Eiken/Myren eller Østerbø, men dei fekk avslag.

Bjordal

er registrert med rutestopp av Fylkesbaatane i 1882, men bygda har truleg kome med på båtrutene nokre år før.

Stengt står det på eit skilt på den tidlegare ferjekaia på Svartemyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stengt står det på eit skilt på den tidlegare ferjekaia på Svartemyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svartemyr

fekk stjernestopp av Fylkesbaatane kring 1890, men denne ordninga varde berre kort tid. Frå 1982 til 1992 gjekk det ferjerute mellom Svartemyr og Nordeide. Etter 1992 har det berre vore ferjesamband frå Ortnevik på sørsida til nordsida i Høyanger kommune.

Torvund

fekk rutestopp ein gong før 1894, for det året kom det krav om av stoppestaden vart flytta til Norevik. Kravet vart ikkje imøtekome, men det er uvisst kor lenge Torvund fekk anløp av Fylkesbaatane.

Norevik

Tidleg på 1890-talet hadde bygda Torvund (sjå ovanfor) rutestopp av Fylkesbaatane, men frå ca. 1897 tok truleg Norevik over som stoppestad for desse grendene som ligg mellom Lavik og Vadheim. Seinare fekk Norevik stopp av lokale båtruter og mjølkerutene som gjekk til meieriet i Høyanger. Vegen mellom Lavik og Vadheim vart ikkje opna før i 1960.

Nordeide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordeide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordeide

Den første stoppestaden på vestsida av Høyangsfjorden var i Bergsvika som ligg eit stykke nordaust for Nordeide. Men då Andreas A. Nordeide starta handel på Nordeide i 1895, var han ikkje sein om å søkje om rutestopp der. I 1902 vart Nordeide ekspeditør, og i 1907 bygde han kai.

Instevik

på Strendene vest for Ortnevik fekk ei kai i 1903 som vart nytta av rutebåtane, men truleg gjekk Fylkesbaatane berre opp under Instevik på bestilling, og ikkje på fast rute. 1910 var Johan R. Vikne både postopnar og dampskipsekspeditør i Instevik. Før 1910 var postadressa dit Jægtevik. Like ved kaia stod også skulehuset for Strendene.

Jægtevik

– sjå Instevik.

Søreide ca. 1940.

Søreide ca. 1940.

Søreide

fekk såkalla stjernestopp i 1910. Handelsmannen Berge Sørbø var ekspeditør. Det er truleg at det også har vore anløp av Søreide noko tidlegare.

Høyanger vart viktig stoppestad

Det som ein gong var ei einbølt jordbruksgrend lengst inne i Høyangsfjorden, hadde før 1913 berre hatt sporadiske anløp av Fylkesbaatane. Då industriutbygginga starta i 1915, vart Høyanger raskt ein av dei viktigaste stoppestadane til Fylkesbaatane med mykje gods og reisande.

Ekspressbåtane

mellom Sogn og Fjordane og Bergen vart sette i drift i mai 1971. Første sommaren hadde Sogne-ruta stopp i Lavik og Balestrand, og fylgjande vinter hadde endestopp på det nye ferjeleiet Kongsnes i Lånefjorden. Nordeide vart stoppestad frå 1972. Sidan har ekspressbåten hatt daglege stopp både på Nordeide og Lavik både på sør og nordgåande.

To ekspressbåtar på Sognefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

To ekspressbåtar på Sognefjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om Båtruter i Høyanger.