Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

Eitt av dei to første skipa, DS Fjalir, ved kai i Gudvangen.

Eitt av dei to første skipa, DS Fjalir, ved kai i Gudvangen.

Knapt noko vedtak har hatt så mykje å seie for utviklinga i Sogn og Fjordane som det fylkestinget gjorde den 28. november 1857 i ei tingstove i Førde: Då vedtok politikarane å skipe Bergenhus Amts Dampskibe. Dette var det første fylkeseigde ruteselskapet i landet, frå 1919 kalla Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Utgangspunktet for at fylket skipa sitt eige ruteselskap var at Staten var på leit etter eit reiarlag som kunne ta på seg posttrafikken mellom Bergen og Lærdalsøyri på hovudpostruta Bergen-Oslo.

DS Hornelen.

DS Hornelen.

Framsynte menn med amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert og stortingsmann Harald Ulrik Sverdrup i spissen augna sjansen i å kombinere ei slik postrute med båtruter som kunne kome heile fylket til gode, og slik vart Fylkesbaatane til. Den 2. desember 1858 vart D/S ”Framnæs” sett inn på rute Bergen-Sogn, og ein månad seinare vart D/S ”Fjalir” sett inn på Bergen-Nordfjord. Systerskipa var bygde i Skottland.

Dampskipsrutene til Fylkesbaatane vart ein suksess frå første stund. Dei opna for auka varebyte med Bergen og utlandet, og opna fylket for ei ny vekstnæring; turismen.

Det første hovudkvarteret til Fylkesbaatane, Petanebryggen i Bergen. Teikning frå mellomkrigstida. Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

Det første hovudkvarteret til Fylkesbaatane, Petanebryggen i Bergen. Teikning frå mellomkrigstida. Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

Spareiver og nedleggingsframlegg

Det var amtmannen og folk frå embetsstanden og den økonomiske eliten i fylket som stod i spissen for skipinga av Fylkesbaatane, og det var desse som dominerte fylkespolitikken dei første tiåra. Men på 1860-talet tok folk med sterke sympatiar for ”Bondevenene” og stortingsmann Søren Jaabæk sin sparepolitikk over mykje av styre og stell i kommunar og fylkesting. Denne spareånda fekk m.a. utslag i framlegg om at fylket skulle leggje ned Mo Jordbruksskule som var den einaste jordbruksskulen i fylket på den tida, og i fleire framlegg om at fylket skulle kvitte seg med Fylkesbaatane. Spørsmålet om sal av Fylkesbaatane kom opp første gong i 1869. Det var fleirtal for å selje flåten. Men då skipa vart bydde ut for sal i 1878, vart det einaste bodet som kom inn, forkasta. Bodet kom frå Det Vestenfjeldske Dampskipsselskap som same året hadde starta ei konkurrerande rute på Sognefjorden med D/S ”Lyderhorn”. Framlegg om sal kom opp på nytt både i 1880 og 1889. I 1889 vedtok fylkestinget med 20 mot 12 røyster å ikkje selje fylkesreiarlaget, og sidan har sal ikkje vore aktuelt.

Fjordabåten ”Atløy” er teken vare på av veteranskipsentusiastar i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordabåten ”Atløy” er teken vare på av veteranskipsentusiastar i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Konkurranse og kaistrid

Det var nok ein kombinasjon av bondevenene sin sparepolitikk og ideologiske motstand mot for stort offentleg engasjement og aukande konkurranse frå andre reiarlag om dei mest lønsame rutene i fylket, som gjorde at Fylkesbaatane var nære ved nedlegging i desse åra før hundreårsskiftet. Det vekte stor harme mellom fylkespolitikarane at andre reiarlag kunne ”skumme fløyten” av dei mest lønsame rutestrekningane i fylket - særleg i turisttida på Sogn og i kystrutetrafikken. Dette vart i fylkestinget omtala som ”umoralsk” når deira eige selskap, Fylkesbaatane, måtte ta på seg samfunnspliktene med drift av eit rutenett som ikkje gav den same fortenesta. Som eit mottrekk mot konkurrentane vart fleire ”amtskaier” stengde for konkurrerande skip, men konkurrentane svara med å finne seg andre kaier og andre ekspeditørar. Ein stor hamnearbeidarstreik i 1921 utløyste ei like utfordrande konkurransebylgje: Streiken lamma all rutetrafikk mellom Bergen og Sogn og Fjordane. For at ikkje fylket skulle gå tom for livsviktige forsyningar som t.d. mjøl til baking, leigde Fylkesbaatane inn ein stor flåte av frakteskuter som heldt oppe den livsviktige transporten av varer mellom fjordfylket og byen. Men då streiken var over, heldt mange av dei innleide frakteskutene fram med rutetrafikken i fylket. Eit par av desse selskapa vart ikkje avvikla før lenge etter krigen. Dei mest kjende av desse rutene var ”Dalsfjordruta” som Johan J. Valvik dreiv mellom Dalsfjorden og Bergen fram til 1952, og ”Bremanger-ruta” til Kristoffer Hovden.

DS Fanaraaken var det siste dampskipet til Fylkesbaatane. Eigar av foto: Fjord1.

DS Fanaraaken var det siste dampskipet til Fylkesbaatane. Eigar av foto: Fjord1.

MS ”Vaagsøy” var ein av dei to første mortordrivne båtane i selskapet. Ukjend fotograf. Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

MS ”Vaagsøy” var ein av dei to første mortordrivne båtane i selskapet. Ukjend fotograf. Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

Frå damp til motordrift

I 1914 kjøpte Fylkesbaatane dei første motordrivne rutebåtane. Det var ”Vaagsøy” og ”Florøy”, to små båtar som vart sette inn i lokalruter innan fylket. I 1922 kom ”Kvamsøy” i same klasse. På 1930-talet bygde reiarlaget ut lokalruteflåten med seks nye båtar som supplerte rutenettet der dei større ”bybåtane” ikkje hadde anløp: ”Svanøy” i 1925, ”Maaløy” i 1930, ”Atløy” i 1931, ”Nesøy” i 1933, ”Værøy” i 1935 og ”Sandøy” i 1937. Denne flåten av små rutebåtar skulle demme opp for konkurransen frå dei private ruteselskapa som hadde fått fotfeste etter hamnearbeidarstreiken i 1921. Det siste dampdrivne ruteskipet var D/S ”Fanaraaken” som var i drift til 1971. Då hadde skipet vore i drift sidan 1937.

DS ”Stavenes” var den første bilførande båten i selskapet.

DS ”Stavenes” var den første bilførande båten i selskapet.

”Lærdal” var den første ”skikkelege” bilferja til Fylkesbaatane. Her er ferja ved kai i Lærdal ein gong rundt 1960. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

”Lærdal” var den første ”skikkelege” bilferja til Fylkesbaatane. Her er ferja ved kai i Lærdal ein gong rundt 1960. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Dei første ferjerutene

D/S ”Stavenes”, bygd i 1904, var den første ”ferja” til Fylkesbaatane: I 1934 vart skipet sett inn på ei bilførande rute frå Vadheim til Lærdal. Bilane vart antan heiste om bord eller køyrde inn på dekk på lemmar. Dette ferjesambandet knytte saman riksvegsystema frå Vadheim nordover til Fjordane med riksvegen som gjekk austover frå Lærdal, samstundes som ruta hadde stoppestader undervegs innover Sognefjorden for å ta på og setje av passasjerar og bilar. Den første spesialbygde ferja var ”Lærdal” som vart sett i trafikk i 1939. – Les elles om tidlege bilferjeruter i privat regi under kommunane Fjaler og Stryn.

Heile mannskapet kom bort då DS ”Aardal” forliste i Nordsjøen. © Fjord1.

Heile mannskapet kom bort då DS ”Aardal” forliste i Nordsjøen. © Fjord1.

Forlis og krigsår

Ei smal kystlei med manglande merking og trange innseglingar til hamnene har ført til mange forlis opp gjennom åra, men det var først då D/S ”Hornelen” sokk etter ei grunnstøyting ved innseglinga til Svanøy i 1915 at det kosta menneskeliv. Då omkom ein av mannskapet. Den største ulukka i reiarlaget si historie hende i 1931 då lasteskipet ”Aardal” forliste i Nordsjøen og heile mannskapet på 11 kom bort. ”Aardal” var bygd i 1915 og vart mykje nytta til fiskefrakt til England og Kontinentet.

Under 2. verdskrig vart tilsaman 10 menneske drepne ved bombeåtak på skipa til Fylkesbaatane: I aprildagane 1940 vart kapteinen på D/S ”Kommandøren” drepen då kaia på Leikanger vart bomba. 1944 vart det store ulukkesåret for Fylkesbaatane: I den store eksplosjonsulukka ved Vågen i Bergen den 20. april vart to tilsette på Petanebryggen drepne. Den 8. november vart D/S ”Framnæs” bomba i Frøysjøen av allierte fly og fem passasjerar og ein av mannskapet vart drepne. Den 14. november vart D/S ”Gula” bomba i Sognesjøen og to passasjerar vert drepne og mange såra. I 1945 sokk D/S ”Kommandøren” etter torpedering ved kai i Bergen, og vaktmannen om bord miste livet.

”Sea Cat” heldt seg flytande, men fekk store skader etter ulukka i 1991. Foto frå TV-reportasje, Asle Veien, NRK.

”Sea Cat” heldt seg flytande, men fekk store skader etter ulukka i 1991. Foto frå TV-reportasje, Asle Veien, NRK.

Den 4. november 1991 brasa den hurtiggåande catamaranbåten ”Sea Cat” i rute frå Nordfjord til Bergen på eit skjer ved Mjømna i Gulen. To passasjerar vart drepne og minst 100 personar vart skadde. Etter ulukka vart denne delen av kystleia sikra med ekstra lys.

Slik såg MS ”Sognefjord” ut før skipet vart bygt om. Det var opphaveleg ein amerikansk ubåtjagar, bygd i Chicago i 1943 og døypt ”Kilham”. Ukjend fotograf. © Fjord1 Fylkesbaatane.

Slik såg MS ”Sognefjord” ut før skipet vart bygt om. Det var opphaveleg ein amerikansk ubåtjagar, bygd i Chicago i 1943 og døypt ”Kilham”. Ukjend fotograf. © Fjord1 Fylkesbaatane.

Tvillingskipa ”Sognefjord” og Sunnfjord” var klare til innsats i 1950. Eigar av foto: Fjord1 Fylkesbaatane.

Tvillingskipa ”Sognefjord” og Sunnfjord” var klare til innsats i 1950. Eigar av foto: Fjord1 Fylkesbaatane.

”Sunnfjord” og ”Sognefjord”

Etter krigen var det to ombygde, amerikanske ubåtjagarar som varsla inn ei ny tid i rutebåttrafikken i fylket: Dei to skipa vart døypte M/S ”Sunnfjord” og M/S ”Sognefjord” og vart i 1949 og 1950 sette inn i snøggbåtrutene frå Nordfjord og Sogn. På akterdekket hadde dei to skipa dreieskive for bilar slik at det vart enklare å stue bilar som vart køyrde inn gjennom ein port i rekka. Båtane var i rutedrift til tidleg på 1980-talet.

MS ”Hornelen” var første spesialskipet i landet for palletransport. Eigar av foto: Fjord1 Fylkesbaatane.

MS ”Hornelen” var første spesialskipet i landet for palletransport. Eigar av foto: Fjord1 Fylkesbaatane.

Først med pallelasting

I 1952 var Fylkesbaatane først i landet med palletransport av varer då dei bygde spesialskipet M/S ”Hornelen”. Med dette systemet kunne ein nytte truck ved lasting og lossing om bord. I 1954 kom M/S ”Gula” og i 1958 M/S ”Alden” i same klasse. Frå 1957 bygde Løland Verft i Leirvik fleire mindre lokalrutebåtar for selskapet. Den første var M/S ”Hennøy”, og sidan M/S ”Vaagsøy” i 1958 og ”M/S ”Tansøy” i 1959. Desse båtane hadde dekket akterut og hadde tverr hekk slik at ein kunne køyre bilar av og på frå ein ferjelem.

Det kombinerte gods-og passasjerskipet Kommandøren ved kai på Steinen i Førde. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Det kombinerte gods-og passasjerskipet Kommandøren ved kai på Steinen i Førde. Foto: Dagfinn Reiakvam.

Ordrar til lokale skipsverft

Frå 1957 vart skipsverfet i Leirvik nærmast ein ”hoffleverandør” av ferjer og mindre rutebåtar til Fylkesbaatane. Fram til 1977 hadde Løland Verft (no Havyard Leirvik) bygt i alt seks ferjer og tre andre skip for fylkesreiarlaget. Også Ankerløkken verft i Florø bygde ferjer for Fylkesbaatane.

Snøggbåten ”Hyen” vart levert frå Brødrene Aa i Hyen i 1981. Foto: Harry Runderheim. Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

Snøggbåten ”Hyen” vart levert frå Brødrene Aa i Hyen i 1981. Foto: Harry Runderheim. Eigar: Fjord1 Fylkesbaatane.

Ei liknande rolle hadde nok Brødrene Aa i Hyen tenkt seg då glasfiberskrog gjorde sitt inntog i hurtigbåtbransjen på 1970-talet. Men for Hyen-verftet vart det berre med ein båt, ”Hyen”, som var ein katamaranbåt bygd i sandwichmateriale. Fylkesbaatane leigde ”Hyen” og sette den inn i ekspressrutene til og frå Bergen. Reiarlaget kjøpte båten året etter. Men det vart med denne eine båten frå Hyen-verftet i den omgang. I 2008 tinga Fjord 1 Fylkesbaatane to store ekspressbåtar for Brødrene Aa. Desse vert sette i trafikk i 2009 og 2010.

To av ekspressbåtane til Fjord1 Fylkesbaatane ved kai i Bergen. Til høgre Sognekongen, som vart bygd av Brødrene Aa i Hyen, til venstre Fjordtroll. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

To av ekspressbåtane til Fjord1 Fylkesbaatane ved kai i Bergen. Til høgre Sognekongen, som vart bygd av Brødrene Aa i Hyen, til venstre Fjordtroll. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hurtiggåande katamaranar

Reisetida til Bergen vart korta radikalt ned då Fylkesbaatane i 1971 sette inn dei første hurtiggåande passasjerbåtane ”Fjordprins” og ”Fjordglytt” på nye ekspressruter frå Nordfjordeid og Årdal. ” Fjordglytt” var ein såkalla westamaran med to skrog, medan ”Fjordprins” hadde berre ein kjøl. ”Fjordprins” viste seg å vere svært dyr i drift og vart teken ut av rutene etter kort tid og erstatta med westamaranen ”Fjordtroll”. På Nordfjord-ruta vart Nordfjordeid kutta ut etter nokre år og erstatta med Selje som endepunkt, og noko seinare avløyste Sogndal Årdal som endepunkt på Sogne-ruta.

Høg fart vart viktig frå 1970-talet. Dette er den andre snøggbåten som bar namnet ”Fjordprins”, bygd på Fjellstrand AS i Hardanger i 1987.Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høg fart vart viktig frå 1970-talet. Dette er den andre snøggbåten som bar namnet ”Fjordprins”, bygd på Fjellstrand AS i Hardanger i 1987.Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Engasjert i rutebildrift

I 1936 gjekk Fylkesbaatane inn som hovudeigar då Sogn Billag vart skipa, og Fylkesbaatane kom inn med økonomisk førstehjelp og tok over alle aksjane i Nordfjord & Sunnmøre Billag då dette interkommunale rutebilselskapet heldt på å gå konkurs på slutten av 1980-talet. Dette selskapet fekk seinare namnet Fjord1 Nordfjord - Ottadalen.

Nokre av bussane til Fjord1 Nordfjord - Ottadalen i Stryn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nokre av bussane til Fjord1 Nordfjord - Ottadalen i Stryn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Godskrigen

På slutten av 1980-talet gjorde nye vegsamband det lettare å frakte varer med trailer mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Trailerane var fleksible og kunne køyre frå dør til dør utan omlasting, og Fylkesbaatane tapte kundar dag for dag. Først gjorde Fylkesbaatane ein mislukka freistnad på å demme opp for denne utviklinga frå sjøverts til landverts transport ved å forsterke godsbåtruta frå Bergen til Vadheim. Men når det ikkje gjekk, satsa reiarlaget sterkt på å byggje opp eigen trailerpark og eigne godsterminalar. Men dei etablerte trailerselskapa, først og fremst Linjegods, var for veletablerte og velsmurde enn det gamle reiarlaget, og etter kort tid måtte Fylkesbaatane sjå seg slegne på ”bortebane”. Fylkesreiarlaget måtte trekkje seg ut av bataljen med fleire millionar kroner i tap. Sidan har denne episoden gått inn i transporthistoria som ”Godskrigen”.

Bilferja Vågsøy i ruta mellom Måløy og Oldeide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja Vågsøy i ruta mellom Måløy og Oldeide. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gassdrivne ferjer

I dag er Fjord 1 Fylkesbaatane først og fremst kjent som eit ferjeselskap som knyter riksvegsambanda i Sogn og Fjordane saman og driv ekspressbåtar til Bergen. Frå midten av 1990-talet har Fylkesbaatane måtta tevle med andre reiarlag om ferjekontraktane på riksvegsamband i Sogn og Fjordane. Deregulering og fri konkurranse har på den andre sida gjort at det tidlegare ”fylkesreiarlaget” m.a. tevlar om ferjekontrakter i andre delar av landet. I 2004 vann Fjord 1 Fylkesbaatane kontrakten på 10 års drift av to av dei største ferjesambanda i landet på E39-sambandet gjennom Hordaland og Rogaland; Halhjem – Sandvikvåg og Arsvågen – Mortavika. Til dette bygde Fjord 1 Fylkesbaane fem gassdrivne ferjer til kring 1,5 milliardar kroner. Den første gassferja, ”Bergensfjord”, vart sett i drift i 2006.

Ei av dei gassdrivne ferjene til Fjord1, ”Bergensfjord”. Ferja kom i drift i 2006. Eigar av foto: Fjord1.

Ei av dei gassdrivne ferjene til Fjord1, ”Bergensfjord”. Ferja kom i drift i 2006. Eigar av foto: Fjord1.

Direktørar

i Fylkesbaatane har vore:

Hugo Lous var første direktøren.

Hugo Lous var første direktøren.

Per Drageset var direktør 1989-1995.

Per Drageset var direktør 1989-1995.

  • Hugo Lous (med tilnamnet ”Kommandøren”) 1858-1896
  • Christian Michelsen 1896-1903
  • Ove Holm 1903-1907
  • Trygve Holst 1907-1909
  • O.J. Ervik 1909-1910
  • Torger Torgersen 1910-1936
  • Anton Steen 1936-1946
  • Otto M. Røsberg 1946-1969
  • Johan Lavik 1969-1971
  • Oddvar Johannessen 1972-1984
  • Arne Dvergsdal 1984-1989
  • Per Drageset 1989-1995
  • Atle Tornes 1995-2002.




Fjord1

Frå 2002 er Fylkesbaatane slege saman med Møre og Romsdal Fylkesbaatar til Fjord1 Nordvestlandske AS med hovudkontor i Florø.

Les også om: