Furesundet fekk første rutestoppen

Furesundet. Foto: Frode Klokkernes.

Furesundet. Foto: Frode Klokkernes.

Den første regulære rutefarten langs kysten starta då Staten sette opp ei postførande dampskipsrute mellom Bergen og Trondheim i 1843. Ruta vart trafikkert av hjuldampskipet ”Norcap”. Skipet ankra opp i Furesundet og leverte og tok i mot post frå bordingsbåt. Frå Furesundet vart det sett opp ei såkalla bipostrute innover til Førde, der både fut og sorenskrivar hadde embetsgardane sine.

Postruteskipet D/S ”Nordcap”

”Nordcap” var opphaveleg bygd som Noregs første motordrivne krigsskip i 1840. Då vart skipet utstyrt kanoner, og hadde også segl. Men det viste seg at dei store skovlhjula skapte problem for kanonstillingane på breisida, og ristinga som hjula førde med seg, gjorde det vanskeleg å treffe målet når ein fyrte av. Men ”Nordcap” eigna seg derimot framifrå som postskip på vestlandskysten. (Skipet vart seld til private i 1872 og gjekk i rutefart Kristiansand-Bergen- Trondheim, og seinare mellom Kiel og Trondheim. ”Nordcap” sokk i 1877.) - Les meir om postrutene under kapitlet Post, og om fylkesbaatrutene til Furesundet seinare i: Ferdsla på sjøen.

På dette biletet ser vi Furseundet like til venstre for EWOS-fabrikken i Gunhildvågen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi Furseundet like til venstre for EWOS-fabrikken i Gunhildvågen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.