Fresvik kyrkje. Til venstre for inngangen ser vi bautasteinen over soldatar som var med i krigen mot svenskane. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Fresvik kyrkje vart bygd i 1881. Arkitekt var Henrik Nissen og byggmeister A. A. Åse. Altartavle frå 1881 måla av Christen Brun. Nattverdsutstyret er frå 1600-talet, to av dei fire kyrkjeklokkene er frå 1200-talet. Øvrig utstyr i kyrkja frå byggjeåret eller seinare.
Stavkyrkje i Fresvik
Ei stavkyrkje frå 1100-talet vart riven for å gje plass til nyekyrkja i 1881. I eit lite museum i tårnet på kyrkja er det teke vare på ei gamal kyrkjedør, vindauge og ein brurebenk frå stavkyrkja.
Ved kyrkja vart det i 1913 reist ein bautastein over 10 soldatar frå Fresvik som var med i krigen mot svenskane 1807-1814.
Glasmåleri frå Fresvik på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.
Sjeldne mellomalderskattar
Frå den gamle stavkyrkja er det teke vare på nokre av dei finaste skattane frå norsk mellomalderkunst: Ein av dei mest kjende skulpturane frå mellomalderen er St. Olav-skulpturen frå Fresvik kyrkje - datert ca. 1200-1250, teken vare på i Oldsaksamlinga i Oslo. I Oldsaksamlinga er også Madonna med barnet, ein 132 cm høg treskulptur frå kring 1250.
Ved Bergen Museum heng Fresvik-krusifikset frå 1235. Det er 77 cm høgt, laga i engelsk stil, og vert rekna som eit hovudverk i angelsaksisk skulptur. Her finst også seks glasmåleri frå 1660 med gamaltestamentlege motiv, og ved Sogn Folkemuseum finn ein eit glasmåleri frå 1600-talet.
Tidleg ute med nynorske salmar
Kyrkjelyden i Fresvik var ein av dei første i fylket som innførte nynorske salmar (Blix-salmar) i 1906.