Fredrik Christian Juell

Fredrik Chr. Juell i 1851. © Fylkesarkivet.

Fredrik Chr. Juell i 1851. © Fylkesarkivet.

Fredrik Christian Juell (1804-1881) frå Flatdal, busett i Sogndal og Aurland. Jurist og politikar. Underrettsprokurator i Sogn 1838. Han budde på garden Bahus like ved Sogndalsfjøra. Ordførar i Sogndal frå 1842 til 1851.

Arbeidde i fylkestinget for å få bygt sjukehus i fylket, og gjorde i 1845 framlegg om at ein skulle byggje veg over Gaularfjellet - over 100 år før vegen kom.

I 1851 vart han avsett frå stillinga etter ei stor bedragerisak der også sorenskrivar Johan Henrik Cappelen i indre Sogn og ein juristkollega i Sogndal, Jonas Lund var innblanda. Etter at han vart avsett, flytta han til Austlandet, der han dreiv jordbruk og trelasthandel.