Fortun kyrkje

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


Fortun kyrkje bygt 1879. Arkitekt E. Rusten, byggmeister er ukjent. Altartavle frå 1879 er eit glasmåleri, truleg frå Tyskland.

Gamal altartavle frå kring 1630 heng på sideveggen i koret. To kyrkjeklokker er frå 1200-talet. Anna utstyr er frå byggjeåret eller seinare.

Noregs eldste relikvieskrin frå Fortun

I Bergen Museum finst eit relikvieskrin i forgylt kopar og brun emalje frå 1220-1250. Fortun-skrinet er 31 cm. langt, 13 cm. breidt og 330 cm. høg, og er det eldste bevarte relikvieskrinet i Noreg. På langsida av skrinet er alfabetet rissa inn under ei biletrekkje av apostlane, og foten er laga som arkaderekkjer (boge/søylerekkjer). Skrinet har likskapstrekk med Sunniva-skrinet frå Selje kloster.

Fortun stavkyrkje til Fantoft

Fram til nyekyrkja vart bygd i 1883 sto det ein gamal stavkyrkje i Fortun, bygt 1160-1180. Konsul F. G. Gade nytta mange av dei gamle bygningsdelane då han sette opp ein kopi av ei stavkyrkje på Fantoft ved Bergen.