Urnes stavkyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal , NRK
Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring vart skipa i 1844 etter opptak frå kunstmålaren Johan Christian Dahl (sjå Målaren I. C. Dahl frå Gulen-slekt).
Logoen til Fortidsminneforeningen er eit fabeldyr - løve med øks - som er henta frå ei av søylene (kapitélet) på Urnes stavkyrkje. I 1871 skipa arkitekten og ingeniøren Peter Andreas Blix avdelinga for Bergen, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane vart skilt ut som eiga avdelinga i 1983 med Guttorm Holstad frå Vik som første leiar.
Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane eig og forvaltar stavkyrkjene Borgund, Urnes, Gaupne og Hopperstad og dessutan Hestad kapell i Viksdalen. På Lærdalsøyra eig foreninga det gamle bakeriet bak tidlegare Kvammes Hotell.
Fortidsminneforeninga eig ikkje, men har forvaltaransvaret for Kaupanger stavkyrkje og Hove steinkyrkje i Vik. Fortidsminneforeninga har arrangert fleire kultursafariar i Sogn med vitjing av m.a. dei gamle mellomalderkyrkjene og andre antikvariske bygningar langs Sognefjorden.