Fornfunn i Gulen

Steinkrossen på Krossteigen i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinkrossen på Krossteigen i Eivindvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei kjende Steinkrossane i Eivindvik er brukte som symbol i kommunevåpenet. Men elles i Gulen er det gjort mange fornfunn av stor historisk verdi. Eitt av dei mest sjeldne på Vestlandet er ei forseggjort støypeform frå bronsealderen. Ved Oppedal er det funne ein vikinggard høgt til fjells. Og har folk på Kløvtveit i gamle dagar hatt elg kring husa? Eller er det kamelar nokre mystiske gjenstandar frå ei grav skal førestille?

Beslag frå vikingtida funne på Hantveit. Foto: Arild Nybø, NRK.

Beslag frå vikingtida funne på Hantveit. Foto: Arild Nybø, NRK.

Buplassar på Blidensol

Ein av landets fremste arkeologar, Anders Nummedal frå Vik, fann i 1923 to steinalderbuplassar på ein stad som heiter Blidensol like ved Skjerjehamn. Den eine låg på eit svaberg ved Øvre Sekketjørn, og den andre omlag 300 meter lengre sør.

Buplass i Grimhidlane

I Brosvik ved Sognesjøen var det buplass for steinalderfolket i Grimhidlane. Her vart det funne restar av kol og bein.

Funn kring Eivindvik

Kring Eivindvik er det gjort fleire funn frå stein- og bronsealder m.a. steinøkser, kokekar, og ei kvinnegrav ved Gryta nord i bygda.

Buplassar på Flolid

På Flolid (sjå om Gulatinget) er det funne to buplassar frå steinalderen. Det var Anders Nummedal som fann desse. Elles har ein funne kokekar og ei krossforma hakke frå 2000 f. Kr. på Flolid. Det skal også ha vore funne eit sverd i ein gravhaug der.

Graver på Haveland

På Haveland i Nordgulen er det registrert gravrøyser, og det er også funne ei hellegrav og merke etter husstolpar der.

Kringlerøysa

I Austgulen er det funne ei gravrøys frå yngre jernalder med 15 meters diameter. Den vert kalla Kringlerøysa. Elles er det funne tre graver på same gard frå yngre jernalder.

Våpen frå båtgrav ved Brekke.

Våpen frå båtgrav ved Brekke.

Elgar og kamelar på Kløvtveit?

På Kløvtveit like ved er det funne ei steinalderøks og ein merkeleg steinfigur som kan likne på ein elg eller ein kamel.

Dolkar og kokereidskap

På Berge ved Dalsøyra er det funne både flintdolkar, øks, spinnehjul og kokereidskap frå steinalderen. Ved utgravingar fann ein steinsetjing frå eit par eldre tun på garden.

Båtgrav på Kjellevoll

På Kjellevoll ved Eidsfjorden vart det funne ei gamal båtgrav der ein såg far etter båtnaglar, og i 1947 vart det på same garden funne steinøkser og eit spinnehjul.

Gamal støypeform funnen på Nyhamar. I forma ligg ei nystøypt bronseøks. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gamal støypeform funnen på Nyhamar. I forma ligg ei nystøypt bronseøks. Foto: Arild Nybø, NRK.

Sjeldne bronsealderfunn

I Noreg er det gjort relativt få funn som syner at det vart drive lokal tilverking av bronsegjenstandar i bronsealderen. Mykje av varene var importerte. Nokre av dei mest interessante gjenstandane frå bronsealderen ved Bergen Museum skriv seg frå Hisarøya i Gulen. Det er to støypeformer for bronseøkser, som vart funne på garden Nyhamar i 1964. Formene skriv seg frå kring 1000 år før Kristi fødsel.

Liktuene på Dale

På garden Dale ved Dalsøyra er det merke etter fleire gravhaugar der landskapet kallast «Liktuene». Ein av dei er 10 meter i diameter, og her er gjort våpenfunn frå yngre jernalder.

Klebersteinskål og graver

På garden Grinde ved Eidsfjorden er det m.a. funne ei klebersteinskål frå yngre jernalder, og på Jotangen like ved sjøkanten på garden Høivik litt lengre sør, ligg ei gravrøys med ein diameter på 12 meter. På garden Glenja vest for Eidsfjorden ligg to gravrøyser like ved sjøkanten, begge 15 meter i diameter.

Også på Espevikneset og Mjånes nord for Eivindvik finst det gravrøyser.

Holmgangsringar

I Vedvik ved Eidsfjorden er det funne ei hellekiste med kolrestar i - dvs. ei branngrav der liket vart brent. Her er det også funne det ein meiner er ein holmgangsring av kløyvde trekjeppar i ei myr. I ein holmgangsring duellerte menn som var usamde, med våpen til den eine låg att livlaus. Etter segna skal det også ha vore holmgang på Timmerøya sør-aust for Eivindvik. Her skulle det også liggje ein gravstad for folk som hadde teke sitt eige liv.

Mange små oldtidsfunn

På garden Neverdal i Gulafjordane er det funne flintgryte og pilspiss. På garden Mjømna er det funne ei øks frå jarnalderen. I Brandanger er det i ei røys på tre meter i diameter funne flintstein og spyd.

På garden Lid ved Brandangersundet er det ei gravrøys med 10 meters diameter. Funn av båtsaum viser at dette har vore ei båtgrav, minst 2000 år gamal.

Beslag frå vikingtida funne i Brekke. Foto: Arild Nybø, NRK.

Beslag frå vikingtida funne i Brekke. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gravrøyser og vikingslag ved Dingja

På Dingeneset ligg ein gravhaug frå bronsealderen. I året 978 skal det ha stått eitt stort sjøslag ved Dingeneset mellom Håkon Ladejarl og kong Ragnfrød Eiriksson. Dingeneset var i gamal tid skiljet mellom Sygnafylket (Sogn) og Haurdafylket (Hordaland).


Vikinggard på fjellet

På fjellet mellom Ytre Oppedal og Asheim låg det i folkevandringstida (600-800 e.Kr.) ein gard. Her vart det funne ein fire meter høg bautastein og rike gravfunn med våpen, gardsreidskapar og kokekar. Også i Indre Oppedal er det gjort funn frå bronsealder og jernalder.