Det ein veit om opphavet hans, er at han var fødd kring 1240 og var son av den velståande bonden Hugleik som budde i Firda-fylket (Fjordane) – truleg på Hegranes i Jølster.
Mora var truleg dotter til Audun i Borg (Sarpsborg). Auduns slekt kan difor på morssida gå tilbake til Inga frå Varteig, som var mor til kong Håkon Håkonsson.
Etter oppgåvene han fekk som vaksen, har Audun truleg fått god utdanning i språk og rettslære, både heime og i utlandet.
Les også: