Flyplassen midt i industriparken

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk


I 15 år hadde Førde ein av dei merkelegaste flyplassane i landet: Den var plassert midt i eit industriområde der store kraner på skipsverftet måtte køyrast til side når ruteflya skulle lande.

Straks Førde vart utpeika som vekstsenter i 1965 starta kommunen planlegging av ny flyplass. I samband med utmudring for kai til det nye industriområdet på Øyrane, vart den oppmudra massen brukt til bygging av ei flystripe i den nordlege delen av industriområdet. Arbeidet med flyplassen hadde slikt hastverk at kommunestyret ikkje hadde fått gjort formelt vedtak om at ein skulle byggje kommunal flyplass før grovfyllinga av flystripa var ferdig!

Den kommunale flyplassen på Øyrane vart opna for trafikk i 1971, same året som Ankerløkken opna sitt nye skipsverft i nabolaget.

Verftskranane måtte vike

Så lenge småflyplassen på Øyrane vart nytta, måtte dei store verftskranane køyrast til side for å kome ut av den påbodne sikringssona når Widerøe sine Twin Otter-fly skulle lande og lette.


I drift i 15 år

Frå landingsstripa nord på Øyrane gjekk det taxebane sør til oppstillingsplassen ved ekspedisjonsbygget ved Jølstra. Langs taksebana stod industribygga tett innpå flyvengene.

Flyplassen på Øyrane fekk på grunn av plasseringa berre mellombels driftsløyve, og i 1986 var den avløyst av ny Førde Lufthamn, bygd på Bringeland i Gaular.

Les meir om Flyplassen på Bringeland

I 2001 har Førde Lufthamn fleire daglege flyavgangar m.a. til Bergen og Oslo. Om Førde som vekstsenter, sjå: Historia i Førde