Fluor-Lux AS

Fluor-Lux AS på Tonningleirane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fluor-Lux AS på Tonningleirane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fluor-Lux AS flytta frå Nordfjordeid til Stryn i 1967 og bygde seg opp som ein spesialfabrikk for sjølvlysande skilt.

Verksemda hadde sitt opphav på Nordfjordeid i 1948 under firmanamnet Kjøsnes og Sundal AS, med Sigmund Kjøsnes som dagleg leiar. Firmaet dreiv den første tida ei sportsforretning, men Sigmund Kjøsnes starta etter ei tid produksjon av sjølvlysande fiskereiskapar. Dei sjølvlysande eigenskapane i plastmaterialet som han nytta var hans eiga oppfinning. Produksjonen heldt til i den gamle Wiese-løa under firmanamnet Fluor Lux AS frå 1963.

Produksjonen heldt dei første åra til i Wiese-løa på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Produksjonen heldt dei første åra til i Wiese-løa på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Då Eid kommune etter Kjøsnes si meining ikkje stilte seg velvillige til utviding av Fluor-Lux på Nordfjordeid, flytta han i 1967 produksjonen til det nedlagde Hotell Central på Visnes i Stryn. Seinare flytta Fluor-Lux over i kommunale industribygg på Tonningleirane.

I Stryn voks Fluor-Lux til ei suksessrik bedrift med 17 tilsette i 2007. I dag er det tredje generasjon med Oddmund Kjøsnes som er dagleg leiar og styreleiar i verksemda.

- Les elles artikkelen: Industrihus-suksessen på 1960-talet.