Fiskeværet Kalvåg

Kalvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kalvåg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kalvåg vart det sentrale fiskeværet ved sida av Rognaldsvåg og Florø under dei store sildefiskeria kring Kinn og Frøysjøen frå ca. 1800 til 1870. Kalvåg var ei god hamn, og her samla det seg 10.000 fiskarar og opptil 50-60 fiskekjøparskip i sesongen.

Telegraf og vassverk

Bygda fekk eige postopneri i 1861, og vart knytt til: Fiskeritelegrafen i Bremanger i 1864.

Vårsildavgiftsfondet bygde også eit enkelt vassverk i Kalvåg. Brunnen låg i Kleivane, og vatnet gjekk i røys til ein vasspost midt i sentrum. Lengre nede ved sjøen var det ekstra tappekran for fiskebåtar.

35.000 tønner sild

I 1871 var det 52 salteri i Kalvåg, som til saman salta 35.000 tønner sild! Etter sviktande sildefiske og nedgangstider, tok torskefisket seg opp, slik at det kring 1890 deltok 300 fiskarar på torskefiske kring Kalvåg.

Eigne losjibuer

Båtlag frå fjordbygdene hadde ofte sine eigne losjibuer kring fiskeværa. På Geitholmen stod det i dei rikaste fiskeåra opptil 70 fiskarstover. Dette var små krypinn som rorslaga inne frå fjordane sette opp til bruk medan dei rodde fiske. Dei fleste vart plukka ned då dei rike fiskeåra tok slutt, men losjibua til rorslaget frå Innvik i Nordfjord teke vare på.

Kalvåg på 1920-talet.

Kalvåg på 1920-talet.

Eige sjukehus i Kalvåg

I kommunehuset i Kalvåg (bygd 1903) var det ei tid sjukestove.

Kalvågprosjektet

På 1980-talet starta Kalvågprosjektet, som tok sikte på å ta vare på dei gamle sjøbuene, og nytte dei til ny næring.

Andre verksemder i Kalvåg

- sjå: Industri og næring i Bremanger.

Prestegardshuset i Kalvåg

er eit tømmerhus frå 1700-talet som tente som handelshus i Borgundvåg på Stadlandet før det vart flytta til Kalvåg. Kunstmålaren Nikolai Astrup vart fødd i dette huset.