Filippus Erlendsson til Odensland

Filippus Erlendsson til Odensland (Osland) (ca. 1285 - ca. 1340), busett på Kyrkjebø.

Vert rekna som den «offisielle» ættefar til Losna-ætta. Men Filippus var gift med Ingebjørg Erlandsdotter (ca 1285-1320), som truleg kom frå ei velståande slekt som budde på Losna.

Då Ingebjørg døydde, gifta Filippus seg opp att med ei dotter til Audun på Slinde. Filippus fekk slik hand om ein stor del av det såkalla Slindegodset frå ei stormannsætt på Slinde (sjå Historia i Sogndal). Filippus og Ingebjørg er foreldre til Erlend Filippusson til Losna.