Festglad løytnant for fulle segl opp Sogndalsdalen

Hit til Bjedla kom løytnanten i båt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hit til Bjedla kom løytnanten i båt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Premierløytnant John Gill (f. 1820) eigde lensmannsgarden på Bjedla frå 1849 til 1853. Han eigde også i ein kort periode garden Hodlekve. Ein gong hadde han vore på ei tingferd lengre ute i Sogn. På heimveg hadde nok han og to andre karar skjenkt seg dugeleg, for då dei kom fram til kaia i Sogndalsfjøra, insisterte John Gill på at dei to andre skulle vere med opp til Bjedla. Men han var ”sliten”, og ville ikkje forlate båten. Dei to kameratane henta då nokre langsledar som dei fekk plassert den store båten på. Så spente dei føre hestar, og med full seglføring drog dei gjennom Sogndalsfjøra og opp til Bjedla. Der oppe reid løytnanten opp den bratte trappa og inn i hovudhuset, og der tura dei tre karane vidare. Ridehesten fekk løn for opptrinnet i trappa då Gill sende han rett ut i kornåkeren. Der fekk ridehesten gå fritt til han hadde ete seg mett