Etter 20 år med Loftesnesferja stod Loftesnesbrua ferdig i 1958. Foto: Leiv Bergum. Eigar: Magnar Flåten/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Frå gamal tid har det vore lokale skyssmenn som sette ferdafolk og fe over det smale Loftesnessundet som stryper seg mellom Sogndalsfjorden utanfor og Barnesfjorden innanfor.
Før Loftesnesferja kom i 1938 var det denne farkosten som frakta folk og fe over sundet.
Fast ferjemann
På Nestangen vest for sundet budde det på 1700-talet strandsitjarar som delvis livnærte seg som ferjemenn. Då kjerrevegen Kaupanger-Loftesnes var ferdig i 1847, bygde vegstellet skikkelege kaier og tilsette fast ferjemann.
Ein av dei som tente som ferjemann lengst, var Jon Olsson Loftenes (fødd 1863). Han var ferjemann frå 1886 til fram på 1930-talet.
Kaia på Loftesnes der ferja la til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kabelferje
Frå 1938, då nyevegen til Kaupanger var ferdig, og til 1958, vart skyssinga ordna med ei kabelferje. Dette var den første spesialbygde «bilferja» i Sogn og Fjordane, og var det første skipet som vart bygt ved Løland Verft i Leirvik i ytre Sogn.
Lengste brua
Kabelferja vart lagd ned då den nye brua med eit spenn på 210 meter vart opna over Loftesnessundet i 1958. Loftesnesbrua var det første bompengeprosjektet i Sogn og Fjordane, og var den lengste brua i fylket heilt til Måløybrua opna i 1974.
Ny bru
I 2012 vart det klart at bygginga av ei ny Loftesnesbru skal ta til i 2013.
Loftesnesbrua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.