Første postkontoret kom på Hundeide

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

Hundeide fekk postopneri i 1841 i samband med at det vart starta ei ny «bipostrute» som kom frå Rebakken i Breim og ut til Ryssfjæra.

Der vart posten rodd over til Hunvik og boren over Hunvikskaret til Hundeide. Frå Hundeide vart postsekken rodd nord om fjorden til sorenskrivargarden Leikvin på Løkja. Derfrå gjekk posten nordover Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen til Volda. Den første postopnaren og postføraren på Hundeide heitte John Olsen Lyseset.

I portotabellen for 1849 er namnet endra til «Eid» og frå 1859 til «Eid i Nordfjord». Same året tok lensmann Jakob Thyvold over som postopnar, og frå same tid er postkontoret å finne i eige bygg på Nordfjordeid. I 1873 fekk postopneriet namnet «Nordfjordeidet», og i 1909 vart det gjeve status som «postkontor A». Sidan 1924 har postkontoret heitt «Nordfjordeid».