Første kremmarane i Øvre Årdal

Forretningsbygget som Ola S. Ørens Sønner kjøpte i 1927, på folkemunne heitte det Sjur-Ola-bui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Forretningsbygget som Ola S. Ørens Sønner kjøpte i 1927, på folkemunne heitte det Sjur-Ola-bui. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Årdal Koparverk starta drifta i fjella kring Øvre Årdal i 1702. Verket hadde smeltehytta og administrasjonen på Farnes. Peder Andersson Rønnei (1674 -1739) var den første som etablerte seg som kremmar og gjestgjevar i det nye gruvesamfunnet kring 1710. Sonen Vilken Pedersson tok over drifta då faren døydde, men han måtte gje seg etter kort tid fordi gruvedrifta vart lagd ned. Det skulle gå 115 år før det kom ny handelsmann i Øvre Årdal.

Sjur Andersson Øren

starta landhandel på Farnes i Øvre Årdal i 1865. Då hadde bygda vore utan handelsmann i 115 år. I 1908 tok sonen Ola Øren over butikken og kjøpte i 1927 eit stort forretningsbygg då Alberts Sollesnes avvikla si forretning.

Ola S. Ørens Sønner A/S

Då tredje generasjon Øren tok over, fekk firmaet namnet Ola. S. Ørens Sønner A/S, og forretninga hadde hus i "Sjur-Ola-Bui" som den vart kalla på folkemunne. Forretninga er no leigd ut til RIMI-kjeden. I forretningsbygget dreiv Øren og bokhandel, men den vart lagd ned i 2010.

I nabobygget til Sjur-Ola-bui held Rimi og fram til 2010 bokhandelen Ørens Libris til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I nabobygget til Sjur-Ola-bui held Rimi og fram til 2010 bokhandelen Ørens Libris til. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.