Først med skuletannrøkt

Askvoll fekk tannlegeteneste i 1923, etter opptak frå Askvol Sanitetsforening.
Tannlegen fekk kontor i det gamle kommunehuset ”Heradsheimen”, og hit kom tannlege Wilmann eit par gonger i året for å reparere tanngarden til folk. Askvoll var den første kommunen i Sogn og Fjordane, nest etter bykommunen Florø, som innførte skuletannrøkt i 1936. Askvoll Sanitetsforening dekte utgiftene dei første åra. - Les elles Sogn og Fjordane fylke: Fylkestannlegen i Sogn og Fjordane.