Førdehuset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK
Då Førdehuset vart opna i 1976, var det eitt av dei største kulturhusa i Noreg med 12.000 kvadratmeter golvflate. Førdehuset vekte oppsikt langt ut over landegrensene fordi det var det første bygget der ein samla så mange ulike kulturaktivitetar under same tak.
I samband med at Førde vart utpeika som vekstsenter i 1965, starta kommunen planlegging av eit idretts- og samfunnshus. Etter kvart kopla tunge statsinstitusjonar seg på, og ideen om Førdehuset tok form.
Pionérprosjekt
Førdehuset stod ferdig i 1976, og vart eit pionérprosjekt i regional kultursatsing som vekte internasjonal merksemd. På eit areal på vel 12.000 kvadratmeter, og med felles inngang, kunne ein finne konsert- og utstillingssalar, kino, fylkesbibliotek, Sogn og Fjordane Teater, kunstnaratelier, vevstover, sakralrom for kyrkja, NRKs avdelingskontor, idrettshallar, symjehall. I tillegg vart det bygt to store idrettsbaner utandørs.
Førde Stadion med Førdehuset i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kunstnargrupper
Etter fleire kulturkonferansar, store folkemøte og utgreiingar, gjekk både Riksteatret, Riksgalleriet og Rikskonsertane inn for å etablere lokale kunstnargrupper i Førdehuset.
Første NRK-kontoret i fylket
NRK hengde seg på med Smeland-utvalets framlegg om nærradio i Førde, som etter ein «modningsprosess» enda opp med avdelingskontor og seinare (1979) eige distriktskontor i Sogn og Fjordane; NRK Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane Teater
Av dei andre kulturelle «desentraliseringsideane» kring Førdehuset var det berre regionteateridéen som vart realisert med Sogn og Fjordane Teater i 1977. Kunstskulen har basert drifta på tilreisande biletkunstnarar som lærarar. Region-musikar-ordninga vart skipa nokre år seinare, og etter ein annan desentralisert modell.
Stor utviding av idrettsdelen
I 1996 vart Førdehuset utvida med 5000 kvadratmeter - m.a. ein storhall for idrett og symjehall med vass-sklie. Sogn og Fjordane Teater fekk eigen teatersal, og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter flytta frå kjellarlokale i Røde Kors-bygget til nye utstillingslokale i Førdehuset. Førdehuset er eitt av dei største kulturbygga i landet, med 17.000 kvadratmeter golvflate.
I Førdehuset har det m.a. vore arrangert landskampar i handball. Dette biletet er frå ein kamp mellom Noreg og Ungarn. Foto: Øyvind Torvund, NRK.
Les meir om: kulturinstitusjonar i Førde.