Førde Sentralsjukehus

Sentralsjukehuset er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Sentralsjukehuset er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

I 1971 vedtok Arbeidarparti-regjeringa Bratteli – mot fleirtalet i fylkestinget sin vilje – at det skulle byggjast sentralsjukehus i Sogn og Fjordane. Samstundes ville Bratteli leggje ned dei fire lokalsjukehusa. Sentralsjukehuset skulle byggjast i Førde. Vedtaket førde til sterke protestar med fakkeltog og masseutmeldingar frå Arbeiderpartiet.

Men vedtaket vart ikkje endra, og sentralsjukehuset på Vie med sine 10 etasjar stod ferdig i 1979, etter tre års byggjetid. Sentralsjukehuset vart den største arbeidsplassen i regionen, med over 1000 tilsette frå starten. I nabolaget til sjukehuset vart det samstundes bygt sjukepleiehøgskule, og i åsane omkring skaut det opp nye bustadfelt der dåverande eigar, fylkeskommunen, kunne lokke legar og anna nøkkelpersonell med subsidierte bustader.

I tillegg til å vere sentralsjukehus for heile fylket med sine 106.000 innbyggjarar, skulle sentralsjukehuset samstundes vere lokalsjukehus for heile Sunnfjord og ytre Sogn med tilsaman kring 60.000 innbyggjarar. I dag har sentralsjukehuset i Førde kring 1300 tilsette og er den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane.

Helse Førde

I 2001 overtok Statens sjukehusa frå fylkeskommunane. Vestlandet vart organisert i ein felles helseregion – Helse Vest – og namnet på den nye underavdelinga i Sogn og Fjordane vart Helse Førde.

Førde Sentralsjukehus, Psykiatrisk Klinikk (den kvite bygningen) og Høgskulen (i nedre biletkant) fotografert frå Førdsnipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Sentralsjukehus, Psykiatrisk Klinikk (den kvite bygningen) og Høgskulen (i nedre biletkant) fotografert frå Førdsnipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir om: Vekstsenteret Førde.