Ervik kapell

Ervik kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ervik kapell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ervik kapell vart bygt i 1970. Det er eit minnekapell etter forliset til hurtigruteskipet D/S «Sanct Svithun» i september 1943.

Arkitektar: Arnstein Arneberg og Olav Platou. Altartavle frå 1979 av Kalla Skrøvseth. Ei av to kyrkjeklokker er skipsklokka frå «Sanct Svithun», og ankeret er plassert utanfor kyrkja. I kyrkjegangen er det foto og andre minne etter forliset.

Ankeret frå Sanct Svithun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ankeret frå Sanct Svithun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Quisling-kapell i Ervik vart avvist

Under krigen freista Quisling-regjeringa å utnytte den allierte bombinga av «Sanct Svithun» i propagandakrigen: Dei ville byggje eit minnekapell i Ervik, men planen møtte sterk motstand og vart sabotert av lojale nordmenn så godt det let seg gjere. Samuel Alshager, som var kaptein på «Sanct Svithun», meinte imidlertid at minnekapellet måtte sjåast uavhengig av krigssituasjonen og støtta at det vart reist som eit minne om dei omkomne.

Minne om russiske krigsfangar

I klokketårnet ved minnekapellet har ein plassert krossen som stod på ei massegrav for 21 russiske krigsfangar som miste livet i ein straffeleir i Ervik i krigsåra. I alt 35 russarar skal ha mist livet etter tortur og mishandling i denne leiren. Ervik kapell er bygd like ved den gamle gravstaden i Ervik som vart vigd kring 1550.

Kyrkjeklokka sprakk av glede!

Etter segna skal klokka i dette klokketårnet ved minnekyrkja i Ervik vere den omsmelta klokka frå Leikanger kyrkje. Det seiest at denne klokka sprakk og vart ubrukeleg då kyrkjetenaren i rein glede over at ein av svenskekongane var død, tok for hardt i då han skulle ringe varselet om kongedøden til bygda!

Ervikpreika

I gamle dagar var det svært tungvint for Selje-presten å reise til ytste bygdene på Stadlandet. Dette var opphavet til Ervikpreika, der presten heldt jordfesting – gravferdsrituale - for alle som hadde døydd sidan sist han vitja ytre Stadlandet. Tradisjonen med ei årleg Ervik-preike vert framleis halden ved lag, men no berre som vanleg gudsteneste utan at nokon vert jordfesta.

Ervik gravplass. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ervik gravplass. Foto: Ottar Starheim, NRK.