Elias A. Olsen

Elias A. Olsen (1861-1926) frå Florø. Politikar, skipsreiar og fiskebåtreiar.

Son av kjøpmann Ole Olsen, som hadde starta handel på Florelandet på 1850-talet. Elias Olsen starta i 1882 som handelsmann i Florø før han satsa på skipsfart og fiskeri. Han eigde skonnertbriggen «Vats» som m.a. gjekk i trafikk på Amerika, og eigde elles både jekter og galeasar.

Skipsreiar Olsen disponerte i tida mellom 1888 og 1897 ein flåte med ein samla tonnasje på 759 registertonn. I året 1900 var Olsen god for ein formue på 43.000 kroner og ei årsinntekt på 5000 kroner. Etter lokale forhold vil det seie at den lokale skipsreiaren var grunnrik.

Olsen var formann i Florø Fiskeriforening det meste av 1890-talet. Dette laget ytte mellom anna økonomisk støtte til lokale fiskarar som ville drive bank- og havfiske. Mellom 1899 og 1903 stod han sentralt i arbeidet då forretningsmenn i Florø fekk bygd fire nye fiskedampskip. Kjøpte i 1899 fiskedampskipet «Haveggen» som det første av fire slike fiskebåtar, og eigde elles både jekter og galeasar. Medskipar av Fjordenes Kreditbank i 1902.

I 1908 skipa han saman med forretningsmenn i Bergen A/S Florø Conservesfabrik i eitt av dei store sjøhusa som han eigde i Hesteneset. Fabrikken vart nybygd i mur kring 1920, og fekk eige kraftverk. På det meste sysselsette hermetikkfabrikken 120 personar.

Elias A. Olsen var ordførar i Flora i to periodar, og var også redaktør for avisa Nordre Bergenhus Amtstidende i ein kort periode.